Opna hovudmenyen

Stefan Löfven

Politikar fra Sverige

Kjell Stefan Löfven (fødd 21. juli 1957 i Hägersten i Stockholm) er ein svensk politikar som er partileiar for Socialdemokraterna og har vore statsminister i Sverige sidan 3. oktober 2014. Han overtok statsministerposten etter Fredrik Reinfeldt frå Moderata Samlingspartiet. Löfven leier ei regjering som består av 18 statsrådar frå Socialdemokraterna og 6 frå Miljöpartiet.

Stefan Löfven
Stefan Löfven efter slutdebatten i SVT 2014 (cropped).jpg
Fødd 21. juli 1957
Aspudden
Yrke politikar, sveisar, fagforeiningsleiar
Verv Statsminister i Sverige
Periode 2014-
Føregangar Fredrik Reinfeldt
Stefan Löfven på Commons

Stefan Löfven vaks opp i ein adoptivfamilie i Sollefteå kommun i Norrland. Han vart send dit ti månader gammal av di mor hans ikkje hadde råd til å oppdra begge borna sine. [1] Löfven er den fyrste svenske statsministeren i moderne tid som ikkje har erfaring frå Riksdagen. Han er utdanna sveisar, og arbeidde som dette i ei forsvarsbedrift i Örnsköldsvik 1979-1995. I 1981 vart han tillitsvald for fyrste gong. Frå 1995 vart han tilknytt Svensk LO som tillitsvald i Metallindustriarbetareförbundet, blei nestleiar i 2001 og forbundsleiar frå 2005-2012.

Han vart vald til partileiar i Socialdemokraterna i 2012 etter at Håkan Juholt trekte seg etter mykje kritikk.

KjelderEndra

Fotnotar
  1. Holmberg, Elin, Allehanda.se, 28.01.12: Stefan Löfven: Sörvåge är hemma. Vitja 03.10.14