John Fredrik Reinfeldt (fødd 4. august 1965 i Haninge i Sverige) er ein svensk politikar og leiar for det liberal-konservative Moderata samlingspartiet sidan 2003. Etter at høgresida og Allians för Sverige fekk fleirtal i riksdagsvalet 2006, var han statsminister i Sverige frå 6. oktober 2006 til 3. oktober 2014, då Stefan Löfven tok over.

Fredrik Reinfeldt
Nordisk-baltisk statsministermote under Nordiska radets session i Helsingfors (3) (cropped).jpg
Fødd4. august 1965 (55 år)
Haninge kommun
Statsborgar avSverige
PartiModerata samlingspartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedStockholms universitet
MorBirgitta Reinfeldt
FarBruno Reinfeldt
EktefelleFilippa Reinfeldt
BarnGustav Reinfeldt, Erik Reinfeldt, Ebba Reinfeldt
VervStatsminister i Sverige 2006-2014

Reinfeldt vart med i Moderata ungdomsförbundet i 1983, og vart leiar i 1992. Han hadde dette vervet fram til 1995. Han har vore riksdagsmedlem sidan 1991, som representant for valkrinsen på heimstaden. Etter nederlaget i 1994 for den moderaterna-leidde koalisjonsregjeringa, utvikla Reinfeldt ei kritisk haldning til partileiarskapen under Carl Bildt, noko som førte til at han vart utstøytt i partiet. Men etter eit leiarskifte i 1999 og eit dårleg resultat i riksdagsvalet 2002, fekk Reinfeldt gradvis meir innflytnad i Moderata samlingspartiet.

Reinfeldt vart vald til partileiar 25. oktober 2003, og etterfølgde Bo Lundgren. Under hans leiarskap har politikken i moderaterna gått meir i retning av sentrum, og det har kalla seg sjølv «Nya moderaterna». Etter riksdagsvalet 2006, som vart halde 17. september 2006, vart Reinfeldt vald til statsminister i den nye regjeringa den 5. oktober, og presenterte regjeringsmedlemmene dagen etter. Saman med dei tre andre partia i sentrum-høgre-alliansen, leidde Reinfeldt ei koalisjonsregjering som hadde støtte av eit lite fleirtal i Riksdagen. Som 41-åring var han den tredje yngste personen som har vorte statsminister i Sverige, etter Robert Themptander og Rickard Sandler.

Han er busett i Täby nord for Stockholm og gift med Filippa, som er landstingsråd (m) i Stockholms län. Paret har tre ungar.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Fredrik Reinfeldt