Opna hovudmenyen

Stefanssonøya (engelsk Stefansson Island) er ei folketom øy i det kanadiske Arktis, få kilometer nord om Kitlineq. I nord grensar Stefanssonøya mot Melvillesundet og i aust mot McClintockanalen. Øya har ei flatevidd 4 443km²[1] og er omkring 100 km lang. Ho høyrer til territoriet Nunavut.

Landskapet er heller flatt, høgste toppen er 290 moh. Øya er prega av tundra og har mange små vatn og dammar. Små flokkar av Peary-karibu (Rangifer tarandus peary) og moskusokse finn beite i enkelte, meir fruktbare, små dalføre.

Øya er oppkalla etter polarforskaren Vilhjálmur Stefánsson, som i 1917 oppdaga det er ei øy.

BakgrunnsstoffEndra

LitteraturEndra

  • Fyles, J. G. Surficial Geology of Victoria and Stefansson Islands, District of Franklin. Ottawa: Roger Duhamel, Queen's Printr, 1963.

NotarEndra

  1. Atlas of Canada - Islands (englisch)