Steigen kyrkje er ei gammal steinkyrkje i Steigen sokn i Salten prosti. Dei eldste delane av kyrkja er frå rundt 12001300.

Steigen kyrkje
Steigen kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Salten
Sokn Steigen
Fellesråd Steigen
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Innvigd 1250
Kart
Steigen kyrkje
67°56′10″N 14°58′46″E / 67.9361°N 14.9795°E / 67.9361; 14.9795
Wikimedia Commons: Steigen kirke

Gjennom åra har kyrkja vore gjenstand for ulike reparasjonar som følgje av brann og uver. På 1600-talet bles kyrkjetaket av tre gonger, og i 1657 slo lynet ned og kyrkja og inventaret vart skadd. «Stegens Kirche er aff Torden og Liunild antænt st. Lucia nat og gandske opbrændt med alle sine ornamenter; och bahre forbrændte muhr igjenstod». Rester etter noko av det gamle inventaret er bevart på Tromsø Museum. I 1869 vart påbyggingsarbeidet av Steigen kyrkje fullført. Halvparten av murene frå den gamle steinkyrkja vart teke vare på som kor, og nytt stort kyrkjeskip vart bygd. Dette var i pietismetida, så mesteparten av gammalt inventar og historisk materiale som fanst i den gamle kyrkja vart kasta ut, og nytt inventar vart gjeve til kyrkja mot slutten av 1800-talet. Nokre få av gjenstandane frå den gamle kyrkja vart likevel bevart, bl.a. ei lysekrone i messing frå 1684.

I 1963–65 vart Steigen kyrkje restaurert på nytt og fekk att noko av mellomalderpreget. Blant anna vart det bygd nytt tårn, og veggane vart kalka innvendig.

Bakgrunnsstoff endre