Steinbitfamilien

fiskefamilie
Steinbitfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Zoarcoidei
Familie: Steinbitfamilien Anarhichadidae
Bonaparte, 1846

Steinbitfamilien (Anarhichadidae) er ein familie piggfinnefisk som består av avlange fisk med kraftig kropp og særleg sterke kjevar som òg har gjeve gruppa namnet sitt. Steinbitane er utbreidde nord i Stillehavet og Atlanterhavet. I norske farvatn lever tre artar (av totalt fem): Gråsteinbit, flekksteinbit og blåsteinbit.

Kjenneteikn endre

Steinbitar er store og kraftige fisk med runde hovud og avlang kropp som er delvis flattrykt frå sidene. Ryggfinnen går over heile ryggen, og har berre mjuke finnestrålar. Det er i regelen eit kort opphald mellom hale- og ryggfinnen hjå dei fleste artane, berre hjå Anarrhichthys ocellatus heng dei saman. Bukfinnane manglar, medan brystfinnane er runde og sit langt framme på hovudet. Dei har harde og skarpe tenner både i kjeften og i svelget.

Dei største steinbitane kan bli opptil 2,5 meter lange. I norske farvatn er maksimallengda rundt 180 cm.

Fiskane i familien er botnlevande, og lever som regel av muslingar, kråkebollar og krabbar som dei nyttar dei kraftige kjevane sine til å knusa. Store eksemplar tek òg mykje fisk.

Kjelder endre

  • Gjøsæter, Jakob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Steinbitfamilien