Steinkrabbe
Steinkrabben (Ebalia tumefacta) er ein liten krabbeart som lever på grunt vatn frå 5-155 m djupn. Han er registrert frå Vest-Afrika i sør til Sogn og Fjordane-kysten i nord.
Kjenneteikn
endreArten har karakteristisk forma skal som oftast er noko breiare enn det er langt: Breidda er om lag 13 mm, medan lengda er 11-12 mm. Over gjellene bular skalet ut i to oppblåste parti, som ein kan sjå to av på kvar side. Dei finst i fleire ulike fargar, men oftast er dei raudleg kvite til hudfarga.
Grensene av fremre delen av skalet er konkave eller med ei grunn vik midt på. Hoer har kortare klør og kraftigare bular over gjellene enn det hannen har.
Kjelder
endre- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003 (heimeside Arkivert 2007-10-22 ved Wayback Machine.)
- de Kluijver, M.J & Ingalsuo, S. S.: Macrobenthos of the North Sea[daud lenkje]
- Nettleksikonet Crustikon Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine.