Steinsdalelva
Steinsdalelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho er ei sideelv til Frøysetelva og er 8,8 km lang, med eit nedbørfelt på 9,3 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,22 m³/s.[1]
Steinsdalelva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Nedslagsfelt | 9,3 km² | ||
Lengd | 8,8 km | ||
Middelvassføring | 1,22 m³/s | ||
Kjelde | Austgulstølvatnet | ||
• høgd | 389 moh. | ||
Munning | Vetlevatnet | ||
• høgd | 104 moh. | ||
Steinsdalelva 60°55′29″N 5°20′03″E / 60.92472222°N 5.33416667°E |
Elva har utspringet sitt i fjellområda søraust for Austgulen, som ei rekkje små bekker som renn saman i Austgulstølvatnet (389[1] moh). Derfrå renn ho mot sør-sørvest gjennom den 5 km lange Steinsdalen, der ho mottek fleire sidebekker. Rundt ein kilometer før munningen snur elva brått mot aust, deretter mot sør, før ho munnar ut i Vetlevatnet, like vest for Yndesdalsvatnet.
Avløpet frå Austgulstølvatnet er overført til Klyvtveitvatnet for å bli nytta i kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk. Overføringa tilsvarar rundt 40% av Steinsdalelvas naturlege vassføring ved munningen i Vetlevatnet.
I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Steinsdalelva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. Aurebestanden i Austgulstølsvatnet vart på 1970-talet sterkt redusert.[2] Men utviklinga har sidan snudd noko og i 2003 var bestanden av aure i Austgulstølvatnet relativt god.[3] og bestanden av aure har teke seg opp noko, til trass for at vatnet ikkje har vore kalka og det ikkje har vore sett ut fisk.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
- ↑ Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
- ↑ Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
- ↑ Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5