Aleksandr Prokhorov
russisk fysikar
(Omdirigert frå Alexander Prokhorov)
Aleksandr Mikhajlovitsj Prokhorov (russisk: Александр Михайлович Прохоров) (11. juli 1916–8. januar 2002) var ein sovjetisk fysikar.
Aleksandr Prokhorov | |||
Aleksandr Prokhorov | |||
Fødd | 11. juli 1916 Atherton i Queensland i Australia | ||
---|---|---|---|
Død | 8. januar 2002 (85 år) Moskva i Russland | ||
Nasjonalitet | Russisk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, redaktør | ||
Institusjonar | Moskvas institutt for fysikk og teknologi Statsuniversitetet i Moskva Lebedev-instituttet for fysikk Prokhorov General Physics Institute SINP MSU Laser Physics | ||
Alma mater | Faculty of Physics, State University of Saint Petersbourg Lebedev-instituttet for fysikk Statsuniversitetet i St. Petersburg | ||
Doktorgradsrettleiar | Vladimir Migulin Sergej Rytov | ||
Kjend for | Laserar og maserar | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1964) | ||
Ektefelle | Galina Shelepina | ||
Medlem | Akademie der Wissenschaften der DDR Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det russiske vitskapsakademiet Det sovjetiske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det sovjetiske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet |
Nobelprisen i fysikk
1964
Prokhorov utvikla saman med Nikolaj G. Basov teknikken for forsterkning av elektromagnetiske bølgjer ved stimulert emisjon som ligg til grunn for oppfinninga av masaren og laseren. For dette mottok han i 1964 Nobelprisen i fysikk saman med Basov og Charles H. Townes.
Han vart forskar i 1939 ved Lebedevinstituttet for fysikk i Moskva og frå 1954 var han laboratoriesjef der. Frå 1972 vart han visedirektør ved instituttet. Sidan 1958 vart han òg professor ved Universitetet i Moskva.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Prokhorov» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.