Stephen McManus (fødd 10. september 1982 i Lanark i South Lanarkshire) er ein skotsk fotballspelar, som spelar for Middlesbroughnest høgste nivå i engelsk fotball, og for det skotske fotballandslaget.

Stephen McManus
Personleg informasjon
Fødd 10. september 1982
Fødestad Lanark
Høgd 188 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Middlesbrough
Nummer 6
Ungdomsklubbar
1997-2003 Skottland Celtic
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-10
2010
2010-
Skottland Celtic
Middlesbrough (lån)
Middlesbrough
150 (17)
16 (1)
1 (0)
Landslag
2006- Skottland Skottland 23 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010

McManus starta fotballkarrieren sin i Glasgow-klubben Celtic, der han ligadebuterte i 2004. Han vart seriemeister i Skottland med Celtic i 2006, 2007 og 2008, og cupmeister i 2005 og 2007. Frå sommaren 2007 var han Celtic sin klubbkaptein. I 2009/10-sesongen mista McManus den faste plassen sin på laget til Celtic. Han var på lån hjå Middlesbrough i England i vårsesongen 2010, og sommaren 2010 vart overgangen til Middlesbrough permanent, for ein overgangssum på 1,5 millionar pund.

McManus debuterte for Skottland sitt A-landslag 11. oktober 2006 i ein kamp borte mot Ukraina, og skåra det første landslagsmålet sitt 8. september 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Litauen. Han var kaptein for landslaget første gong 26. mars 2008 i ein privatlandskamp heime mot Kroatia.