Steve Cram, eigentleg Stephen Cram, (fødd 14. oktober 1960) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Jarrow som i 1980-åra var ein av verdas beste på mellomdistansane. Han vann EM-gull på 1500 meter både i 1982 og 1986, dei same to åra vann han distansen også i samveldeleikane, 1986 vart han dessutan samveldemeister på 800 m. I 1983 vann Cram VM-gull på 1500 meter.

Steve Cram


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. oktober 1960 (63 år)
Gateshead
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, Bislett-medaljen, kommandør i den britiske imperieorden, BBC Sports Personality of the Year Award

Aktiv endre

19 år gammal deltok Cram på 1500 meter i OL i Moskva i 1980, utan å hevde seg. Landsmannen Sebastian Coe vann OL-gullet på distansen. Det store gjennombrotet kom i 1982, då Cram i september månad vann 1500 meter under EM i Aten, og i byrjinga av oktober i Brisbane triumferte på same distanse under samveldeleikane. Året etter vart han også verdsmeister på distansen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsingfors. Under sommarleikane 1984 i Los Angeles tok han sølvmedaljen på 1500 meter.

Cram presterte sitt aller beste i 1985-sesongen. I Nice den 16. juli 1985 forbetra han den to år gamle verdsrekorden til landsmannen Steve Ovett på 1500 meter med meir enn eitt sekund, til 3.29,67. Elleve dagar seinare, den 27. juli 1985, sette han under Bislett Games i Oslo ny verdsrekord på ei engelsk mil (1609,3 m) med tida 3.46,32.

Sommaren 1986 sigra Cram både på 800 m og 1500 meter under samveldeleikane i Edinburgh. Med 1.42,88 hadde han den sesongen verdas beste tid på 800 m, men måtte sjå seg slått av landsmennene Sebastian Coe og Tom McKean på 800 meter under EM i friidrett 1986 i Stuttgart. Derimot vart han europameister på 1500 m.

I 1988 vart Cram nummer fire på 1500 m under sommar-OL i Seoul.

Hans personlege rekordar på dei ordinære distansane er 1.42,88 på 800 m, 3.29,6 på 1500 m og 13.28,5 på 5000 meter.

Seinare virke endre

Steve Cram var Chancellor (seremoniell leiar) for University of Sunderland frå 2008 til 2019.[1]

Han har arbeidd som sportskommentator og programleiar, hovudsakleg for BBC Sport, og som talar.

Awards endre

Cram blei vald til BBC Sports Personality of the Year i 1983. I 1986 blei han utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE), og i nyttårslista 2015 til Commander of the Order of the British Empire (CBE) for tenester til sport.[2][3]

Kjelder endre

  1. «Emeli Sandé announced as University's new Chancellor», University of Sunderland (på engelsk), 24. mai 2019, henta 13. august 2023 
  2. «No. 61092». The London Gazette (Supplement): N9. 31. desember 2014. 
  3. «2015 New Year Honours List» (PDF).