Opna hovudmenyen
Powerslave
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 3. september 1984
Innspelt Februar - juni 1984[1] i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas
Sjanger Heavy metal
Lengd 51:12[2]
Selskap EMI
Capitol (Nord-Amerika)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
Piece of Mind
(1983)
Powerslave Somewhere in Time
(1986)
Singlar frå Powerslave
  1. «2 Minutes to Midnight»
    Utgjeve: 6. august 1984
  2. «Aces High»
    Utgjeve: 22. oktober 1984

Powerslave er det femte studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det vart gjeve ut den 3. september 1984 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i Nord-Amerika, og kom sidan ut på Sanctuary/Columbia Records i USA i 2002.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Collector's Guide to Heavy Metal9/10[4]
Kerrang!særs positiv[5]
Sputnikmusic5.0/5[6]

Albumet er kjend for det gamle egyptiske temaet i plateomslaget, som kjem frå tittelsporet. Ein liknande design vart nytta under turneen for å marknadsføre albumet. The World Slavery-turneen byrja i Warzsawa i Polen den 9. august 1984, og vert rekna som den lengste og mest slitsame turneen til bandet. Konsertalbumet Live After Death bestod av konsertopptak frå turneen.

På albumet finn ein ei musialsk attforteljing av Samuel Taylor Coleridge sitt «The Rime of the Ancient Mariner», med bitar av det originale diktet som tekst. Med ei lengd på 13 minuttar og 45 sekund var han den lengste songen til Iron Maiden i over 30 år, før han vart forbigått av den 18 minuttar lange «Empire of the Clouds» frå albumet The Book of Souls i 2015.

Powerslave er kjend som det første albumet for bandet med same besetning som på det førre studioalbumet. Denne besetninga vart verande intakt på dei to neste albuma. Det er òg det siste albumet deira så langt som inneheld eit instrumentalt stykke.

«2 Minutes to Midnight» og «Aces High» vart gjevne ut som singlar.

Bakgrunn, låtskriving og innspelingEndra

Etter at den særs suksessrike World Piece-turneen var over i desember 1983, der Iron Maiden hadde spelt på store konsertstader og arenaer i USA for første gongen i karrieren,[7] tok bandet tre veker ferie i januar 1984, før dei møttes på Jersey.[1] Som med føregjengaren til Powerslave, Piece of Mind (1983), var dette der dei felste songane vart skrivne før dei spelte inn plata i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas.[8]

Bassisten Steve Harris har fortalt at songen «Rime of the Ancient Mariner» vart skriven på relativt kort tid på grunn av tidspress.[9] Han var inspirert av Samuel Taylor Coleridge-diktet med same namn,[10] og nyttar to direkte sitatet frå diktet, som 'Water, water everywhere – nor any drop to drink'.[11] Med ei lengd på over 13 minuttar inneheld songen fleire parti i forskjellige stemning og vart ein fan-favoritt.[3] Under turneen deira i 2008–09, Somewhere Back in Time-turneen, sa gitaristen Dave Murray, vokalisten Bruce Dickinson og Harris at dette var den kjekkaste songen dei spelte på turneen.[12]

Då plata var ferdig innspelt tok bandet ein ny ferie, medan albumet vart miksa i Electric Lady Studios i New York, før dei møtte opp i Ft. Lauderdale i Florida for å øve for World Slavery-turneen.[13] Turneen byrja i Polen i august 1984, og enda i Californa seint i 1985.[14] Det var første gongen eit heavy metal-band hadde spelt ein heil konsert bak Jernteppet i Europa.[14] Det var òg første gongen bandet spelte i Sør-Amerika, der dei spelte for 300 000 menneske under den første Rock in Rio som spesialgjester hos bandet Queen.[9] Albumet og videoen Live After Death vart spelt inn i løpet av fire konsertar i Long Beach Arena i LA og Hammersmith Odeon i London,[15] og nådde høvesvis andre og førsteplassen på den britiske salslista.[16]

I alt var turneen 13 månader lang og vitja 28 land.[14] Powerslave debuterte på andreplassen på UK Albums Chart.[14][16][17] I følgje både Nicko McBrain og Adrian Smith, gjorde Powerslave Iron Maiden kjende «særs raskt», i stader som Brasil, der hundrevis av fans venta utafor hotella og restaurantane der bandet var.[9]

«Flash of the Blade» vart nytta i filmmusikken til Dario Argento-skrekkfilmen Phenomena i 1985 og vart spelt av det amerikanske bandet Avenged Sevenfold på det doble konsertalbumet deira, Live in the LBC & Diamonds in the Rough. Rhapsody of Fire har òg spelt songen på albumet From Chaos to Eternity. Songen «Flash of the Blade» vart spelt i ein episode av Jem and the Holograms.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Aces High»  Steve Harris 4:31
2. «2 Minutes to Midnight»  Adrian Smith, Bruce Dickinson 6:04
3. «Losfer Words (Big 'Orra)» (Instrumental)Harris 4:15
4. «Flash of the Blade»  Dickinson 4:05
5. «The Duellists»  Harris 6:18
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Back in the Village»  Smith, Dickinson 5:02
7. «Powerslave»  Dickinson 7:12
8. «Rime of the Ancient Mariner»  Harris 13:45
51:12
Bonusplate med 1995-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Rainbow's Gold»  Terry Slesser, Kenny Mountain 4:57
2. «Mission From 'Arry»  Harris, Nicko McBrain 6:42
3. «King of Twilight»  Roye Albrighton, Mick Brockett, Allan Freeman, Ron Howden, Derek «Mo» Moore 4:53
4. «The Number of the Beast» (live: Hammersmith Odeon, London, UK – oktober 1984)Harris 4:57

MedverkandeEndra

Henta frå plateomslaget.[2][18]

Iron Maiden
Andre medverkande

ListerEndra

AlbumEndra

Land Liste (1984) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40[19] 15
Finland Den finske albumlista[20] 4
Tyskland Media Control Charts[21] 9
Nederland MegaCharts[22] 5
New Zealand RIANZ[23] 11
Noreg VG-lista[24] 5
Sverige Sverigetopplistan[25] 5
Sveits Hitparade[26] 10
Storbritannia Offisiell albumliste[16] 2
USA Billboard 200[27] 21
Liste (1992) Plassering
Noreg VG-lista[24] 4
Liste (2006) Plassering
Spain PROMUSICAE[28] 96
Liste (2013) Plassering
Finland Den finske albumlista[29] 16
Noreg VG-lista[24] 25
Sverige Sverigetopplistan[25] 23

SinglarEndra

Singel Liste (1984) Plassering Album
«2 Minutes to Midnight» Den tyske singellista 70[30] Powerslave
Irish Singles Chart 10[31]
UK Singles Chart 11[32]
«Aces High» Irish Singles Chart 29[31]
UK Singles Chart 20[33]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«2 Minutes to Midnight/Aces High» UK Albums Chart[merk 1] 11[34]

FotnotarEndra

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[35] 2× Platina 200 000^
Tyskland (BVMI)[36] Gull 250 000^
Storbritannia (BPI)[37] Gull 100 000^
USA (RIAA)[38] 1× Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 124. ISBN 0-946391-84-X. 
  2. 2,0 2,1 Powerslave. Iron Maiden. EMI. 3 September 1984. 
  3. 3,0 3,1 Huey, Steve. «Powerslave – Iron Maiden > Review». AllMusic. Henta 24. august 2016. 
  4. Popoff, Martin (November 1, 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 171–172. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  5. Wall, Mick (6 September 1984). «Hero-Glyphics!». Kerrang! 76. London, UK: Spotlight Publications Ltd. s. 8. 
  6. Stagno, Mike (17 May 2006). «Iron Maiden – Powerslave». Sputnikmusic. Henta 24. august 2016. 
  7. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 116. ISBN 0-946391-84-X. 
  8. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 252. ISBN 1-86074-542-3. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Live After Death. [DVD]. EMI. 4 February 2008. 
  10. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 254. ISBN 1-86074-542-3. 
  11. «Rime Of the Ancient Mariner». Lyrics Freak. Henta 13 August 2009. 
  12. Scot McFadyen, Sam Dunn (directors). (2009). Iron Maiden: Flight 666. [documentary]. EMI. 
  13. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 125. ISBN 0-946391-84-X. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 253. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 130. ISBN 0-946391-84-X. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  17. «1984 Top 40 Official UK Albums Archive - 15 September 1984». Official Charts Company. Henta 21. august 2016. 
  18. Powerslave Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  19. «Iron Maiden – Powerslave (Album)». Ö3 Austerrike Topp 40. AustrianCharts.at. Henta 24. august 2016. 
  20. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  21. «Iron Maiden, Powerslave». Media Control Charts (på German). charts.de. Henta 11 November 2014. 
  22. «Iron Maiden – Powerslave, Dutch Charts» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 22. august 2016. 
  23. «Iron Maiden – Powerslave, New Zealand Charts». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. Henta 22. august 2016. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «Iron Maiden – Powerslave (Album)». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 24. august 2016. 
  25. 25,0 25,1 «Iron Maiden – Powerslave (Album)». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 24. august 2016. 
  26. «Iron Maiden – Powerslave» (på German). Hitparade. Henta 18 October 2011. 
  27. «Iron Maiden – Powerslave Billboard Albums». AllMusic. Henta 22 November 2012. 
  28. «Iron Maiden – Powerslave». Productores de Música de España (på spansk). Spanishcharts.com. Henta 18 October 2011. 
  29. «Iron Maiden – Powerslave (album)». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  30. «Single – Iron Maiden, '2 Minutes to Midnight'». Media Control Charts. charts.de. Henta 27. august 2013. 
  31. 31,0 31,1 «Irish Singles». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 1 October 2011. 
  32. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 25 August 1984». Official Charts Company. Henta 27. august 2013. 
  33. «UK Singles Archive- 10 November 1984». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  34. «UK Albums Archive- 31 March 1990». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  35. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Powerslave». Music Canada. 12 October 2006. Henta 28 August 2011. 
  36. «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Powerslave')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 28 August 2011. 
  37. «British album salstrofé – Iron Maiden – Powerslave». British Phonographic Industry. 11 December 1984. Henta 28 August 2011.  Enter Powerslave in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  38. «American album salstrofé – Iron Maiden – Powerslave». Recording Industry Association of America. Henta 28 August 2011.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH