Steve Hogarth

britisk songar

Steve Hogarth (fødd 14. mai 1959), stundom berre kalla H, er ein britisk songar og musikar. Han er songar i rockebandet Marillion, der han overtok i 1989 etter at tidlegare songar Fish forlét gruppa hausten 1988. Hogarth er òg ein habil klaverspelar, og spelar òg litt gitar ved behov.

Steve Hogarth

Steve Hogarth på scenen med Marillion i 2009.
Fødd14. mai 1959 (65 år)
FødestadKendal i England i Storbritannia
FødenamnRonald Stephen Hoggarth
AliasH
OpphavStorbritannia
Aktiv1980 til i dag
SjangerNew Wave, kunstrock, neo-progressiv rock
InstrumentVokal, piano, gitar, dulcimer
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Europeans
How We Live
Marillion
PlateselskapRacket Records

Hogarth vart fødd i Kendal i Nord-England, og flytta to år gammal saman med familien til Doncaster, der han voks opp. Rundt 1980 flytta han til London, og fekk snart jobb som klaverspelar (seinare òg delvis vokalist) i bandet Motion Pictures. Gruppa skifta i 1981 namn til The Europeans. Fram til 1984 gav gruppa ut to studioalbum og éit konsertalbum, utan at dei gjorde nokon stor suksess.

I 1985 forlét Hogarth og gitarist Colin Woore The Europeans og danna duoen How We Live. Duoen gav ut eit album i 1987 – Dry Land. Heller ikkje det albumet vart nokre salssuksess, og Hogarth byrja å vurdere framtida som songar og musikar.

Hausten 1988 forlét songar Fish gruppa Marillion, og gruppa såg seg om etter ein ny songar. Steve Hogarth sende gruppa ein kassett, og etter eit møte med gruppa vart han tilbode jobben som den nye songaren deira. Etter ei lita stund takka han ja til tilbodet, og vart offisielt medlem i Marillion 2. februar 1989.

Som vokalist i Marillion skriv Hogarth dei fleste av tekstene til gruppa, fram til 1999 tidvis med hjelp og bidrag frå forfattaren John Helmer. Ved behov bidreg Hogarth òg litt på keyboard og gitar, i tillegg til den faste klaverspelaren og gitaristen i gruppa. Den største salssuksessen sin så langt fekk han i 2004, då Marillion-singelen «You're Gone» nådde 7. plass på den britiske singellista.[1]

I 1997 gav Steve Hogarth ut sitt første soloalbum – Ice Cream Genious. Seinare har han òg gjeve ut eit konsertalbum. Ein solokonsert vart filma i 2006 og gjeve ut på DVD i 2007.

Diskografi

endre

The Europeans

endre

How We Live

endre

Marillion (studioalbum)

endre
 
Steve Hogarth i Vredenburg i Nederland den 16. september 2004.

Soloalbum

endre
  • Ice Cream Genious (1997)
  • Live Spirit: Live Body (2002)
  • h Natural (DVD) (2007)

Steve Hogarth har òg medverka på fleire andre album som klaverspelar, vokalist og korvokalist.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre