Opna hovudmenyen

Steven Van Zandt

USA-amerikansk musikar og skodespelar

Steven Van Zandt (fødd Steven Lento22. november 1950 i Winthrop i Massachusetts) er ein amerikansk musikar, sangar, plateprodusent og skodespelar. Som musikar er han kjent fra Bruce Springsteens E Street Band der han spelar gitar og mandolin. Som soloartist er han kjent under namnet Little Steven. Som skodespelar er han kjent frå rollen som Silvio Dante i den prisbelønte TV-serien The Sopranos som gjekk på TV frå 1999 til 2007.

Steven Van Zandt
Steven Lento
Steve Van Zandt - Cannes.jpg
Fødd22. november 1950 (69 år)
Winthrop, Massachusetts, USA
FødestadBoston
FødenamnSteven Lento
OpphavUSA
Aktiv1968–
SjangerRock
Heartland rock
Hard rock
Reggae
Bar Band Pub Rock
InstrumentVokalist
Gitar
Munnspill
Piano
PlateselskapColumbia Records
Verka somSongar-låtskrivar
Gitarist
Skodespelar
Plateprodusent
Gift medMaureen Van Zandt
PrisarScreen Actors Guild Award for Outstanding Performance by an Ensemble in a Drama Series, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by an Ensemble in a Drama Series, Golden Nymph for fremragende skuespiller i TV-komedie, Golden Nymph for fremragende skuespiller i TV-komedie

Van Zandt, ein italiensk-amerikanar, er eigenleg fødd som Steven Lento i Winthrop i Massachusetts. Mora hans gifta seg likevel på nytt og han tok difor etternamnet til stefaren sin. Familien flytta til New Jersey då han var sju år gammal.

Van Zandt var med i fleire av Bruce Springsteens tidlege band tidleg på 1970-talet. Frå 1975 til 1984 var han medlem av Springsteens E Street Band. Etter dette vart han soloartist og gjekk under artistnamnet Little Steven. Han har sidan midten av 1990-talet tidvis opptredd saman med E Street Band.

Steven Van Zandt har sidan 2002 leidd radioprogrammet Little Steven's Underground Garage.

I 1999 fekk Van Zandt overraskande den sentrale rollen som Silvio i TV-serien The Sopranos, dette utan at han hadde noko røynsle som skodespelar. Det var skaparen til serien, David Chase, som ynskte han i rolla.

Steven Van Zandt er gift med skodespelaren Maureen Van Zandt, som òg spelar kona hans i The Sopranos. Van Zandt eig plateselskapet Wicked Cool Records som har signert fleire norske band, mellom anna The Beat Tornados og Cocktail Slippers.

Van Zandt spelar rollen som Frank Tagliano og Giovanni «Johnny» Henriksen i Netflix-serien Lilyhammer som vart send på NRK1 vinteren 2012. Serien som har åtte episodar fekk rekordhøge seertall på premieren med over éin million sjåarar.

I 2014 har Steven Van Zandt òg vore med i reklamefilmar for Telenor.

Little Steven-diskografiEndra

  • 1982 Men Without Women   US #118
  • 1984 Voice of America   US # 55
  • 1985 Sun City
  • 1987 Freedom – No Compromise   US #80
  • 1989 Revolution
  • 1999 Born Again Savage
  • 1999 Greatest Hits
  • 2013 Lillyhammer sesong 1
  • 2014 Lillyhammer sesong 2

BakgrunnsstoffEndra