Stian Blipp

Stian Blipp Glopholm (fødd Stian Glopholm30. januar 1990 i Bergen) er ein norsk hiphopar, beatboxar og programleiar.

Stian Blipp
Stian Blipp (2019).png
Fødd30. januar 1990 (32 år)
FødestadBergen
FødenamnStian Glopholm
AliasStian Blipp
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somprogramleiar, rappar
PrisarGullrutens publikumspris

Stian vart kalla «Blipp» av venane sine på grunn av måten han beatboxa på, og tok seinare Blipp som etternamn.[1] Blipp vart fyrst kjend då han deltok i finalen under den fyrste sesongen av Norske Talenter i 2008 saman med breakdancegruppa Absence Crew. Dei deltok under namnet Absence & Blipp. Han har sida leia radioprogrammet Verdens rikeste landNRK P3. I 2012 vart Blipp tilsett i TV 2 som programleiar for den femte sesongen av Norske Talenter. I 2013 var han den fyrste som leia den norske versjonen av Idol åleine.[2] Frå 2018 til 2021 var han programleiar i Senkveld saman med Helene Olafsen.[3]

KjelderEndra

  1. «Derfor heter han Blipp» (norsk). Se og Hør. Henta 22. mars 2013. 
  2. «Stian Blipp blir «Idol»-programleder» (norsk). Verdens Gang. Henta 22. mars 2013. 
  3. «Stian Blipp slutter i «Senkveld»» (norsk). Verdens Gang. Henta 8. desember 2022. 

BakgrunnsstoffEndra