Stig Bagge (død 1542), også kalla Stig Skausten, var ein norsk adelsmann.

Stig Bagge
Statsborgarskap Noreg
Død

1542

Stig Bagge var son av Gasse Torkelsen i Kvinesdal. Han tente, i det minste frå 1525, Henrik Krummedike som fut på Lista og i fleire andre len. Seinare, då lena etter Krummedikes død i 1530 vart lagde under Bergenhus, tente han Krummedike sin svigerson, Eske Bille. I 1530 vart han utplyndra av Christian II sine kaperar og igjen i 1532, under Christian II sitt opphald i Noreg, vart han fanga av hans folk, men rimelegvis sett fri av ein ekspedisjon utsendt frå Bergenhus av Eske Bille. Billle bad difor seinare Stig Bagge skaffa seg hovudmannen for Christian II sitt parti der i området, Mikkel JudeLandvik, i si makt død eller levande. Ordren vart utført, sjølv om Mikkel Jude hadde kongeleg vernebrev; han vart overfallen og plyndra, men slapp unna. Ettersom Eske Bille hadde tatt på seg ansvaret, slapp Stig Bagge frå denne og liknande valdsverk utan vidare fylgjer. I 1534, då Eske Bille drog til Danmark, fekk Stig Bagge del i befalinga over Bergenhus og viste under Eske Bille sitt fangenskap stor fastheit og åndsnærvær, særleg under Christopher Trondsen sitt angrep i 1536. Då Eske Bille forlet Noreg, vart Stig Bagge sjølv forlena med Lista len. Han synte seg som ein påliteleg, men hard lensmann, og vart difor utsett for valdelege overfall av folket. Han vart òg nytta av Christian III til sjøekspedisjonar, men vart teken til fange under ein slik i 1542 i Nederlanda. Han vart der halshoggen og lagt på stegle som spion, til stor sorg for kongen.

Kjelder endre

  • Dansk Biografisk Lexicon, Gyldendalske Boghandels Forlag, København, 1887-1905