Stine Oftedal Dahmke

Stine Oftedal Dahmke (fødd 25. september 1991) er ein norsk handballspelar frå Nittedal som perioden 2017-24 spelte for ungarske Győri ETO. I åra frå 2011 til 2024 var ho med på å vinne eitt OL-gull, tre VM-gull og fire EM-gull, to VM-sølv, EM-sølv og to OL-bronsar med Noregs landslag. Dahmke deltok i 269 landskampar og skåra 757 mål.

Stine Oftedal Dahmke


Fødenamn Stine Bredal Oftedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. september 1991 (33 år)
Nittedal kommune
Idrett handball
Tok del i Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2011 for kvinner, Handball-VM 2015 for kvinner, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball-EM 2010 for kvinner, Handball-EM 2014 for kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM for kvinner 2012, Junior-VM i håndball for kvinner 2010, U19-EM i håndball for kvinner, 2017–18 Women's EHF Champions League, Q14920468, 2017–18 Nemzeti Bajnokság I, 2017–18 Magyar Kupa, Q16382268, Q17624114, Q16628129, Q28494046, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner
Utmerkingar Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Oftedal Dahmke var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år. Sidan var aktiv i franske Issy Paris i tida 2013-17. Frå sommaren 2017 var ho ein sentral spelar for det ungarske topplaget Győri ETO som i 2018, 2019 og 2024 sigra i EHF-meisterligaen.

Landslagsspel

endre
 
Stine Oftedal Dahmke i norsk landslagsdrakt i 2015.

Sommaren 2009 var Oftedal Dahmke med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.

Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal Dahmke vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs kaptein i meisterskapsturneringane.

 
Oftedal Dahmke i Issy Paris-drakt i 2014.

Merittar landslag

endre

Privatliv

endre

Stine Oftedal Dahmke har studert ved Handelshøyskolen BI i Oslo.[1] Ho er storesystera til Hanna Oftedal Sagosen og Herman Bredal Oftedal, begge handballspelarar.

Ho gifta seg i 2024 med den tyske handballspelaren Rune Dahmke.[2]

Kjelder

endre
  1. «Her er Stine!». Norges Håndballforbund. 17. november 2010. Henta 7. desember 2010. 
  2. «Stine Bredal Oftedal har giftet seg». NRK Sport. 16. august 2024. Henta 22. august 2024.