Opna hovudmenyen
Stjerneborg
Planteikning av Stjerneborg
Stjerneborg i dag

Stjerneborg var eit astronomisk observatorium som den danske vitskapsmannen Tycho Brahe fekk bygd på øya Ven (Hven) i Øresund etter at han hadde funne ut at hans tidlegare observatorium Uranienborg like i nærleiken ikkje var godt nok. Han ville at instrumenta skulle vere meir nøyaktige ved å verne dei mot påverknader frå vinden og anna, og få dei sett opp på solide fundament. Dette nye observatorium vart difor bygd under jorda, slik at ein òg fekk betre herredøme over variasjonane i temperaturen. Berre under observasjonar av himmelkvelven vart observasjonslukene på overflata opna. Det nye observatoriet stod ferdig i 1584.

Observatoriet Stjerneborg hadde fem såkalla krypter med observasjonsinstrumenta permanent oppstilt. Her var det mellom anna ein 3,5 meter stor ekvatorial-armille, ein stor globus av messing- og stålringar. Midt mellom kryptene var det eit enkelt kvadratisk oppvarma rom, eit hypocaustum, som vart nytta til mellom anna å analysere observasjonane som vart gjort. Alle instrumenta i observatoriet tok Tycho Brahe med seg då han måtte gå i eksil. Etter dette forfell staden snøgt og vart seinare dekt med jord. På 1950-talet vart observatoriet grave ut, og det vart bygd rekonstruksjonar av fleire av dei opphavlege bygningane og av innhegninga, som har same form som veggane på Uranienborg. Publikum kan no sjå ned i kryptene gjennom nokre vindauge, og det er stilt opp kopiar av Tycho Brahes instrument i kryptene.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Stjerneborg