Uranienborg observatorium

55°54′28″N 12°41′46″E / 55.90778°N 12.69611°E / 55.90778; 12.69611 Uranienborg observatorium var eit av Tycho Brahes observatorium på øya Ven (Hven) i Øresund, bygd ikring 1580. Det viktigaste føremålet med Uraninenborg var astronomiske observasjonar, og difor kan alle balkongane og tårna fungera som plattform for dei instrumenta som vart nytta til til dette. Observatoriet var plassert slik at det meste av himmelkvelven kunne dekkjast. Då Brahe kom til at observatoriet ikkje lenger stetta krava han hadde til observasjonar av stjernehimmelen, fekk han bygd det meir eigna observatoriet Stjerneborg i nærleiken. Stutt tid etter at Brahe døydde, vart Uranienborg øydelagt.

Uranienborg på måleri av Constantin Hansen.
Skisse av Uranienborg med renessansehage ikring.

Ein 5,5 meter høg og 75 meter lang kvardatisk mur omgav Uranienborg. Murens fire hjørne var med stor presisjon plassert mot dei fire verdshjørna, nord, sør, aust, vest. Innanfor muren låg ein hage som Tycho Brahe hadde utforma sjølv. I midten av ei opa sirkelforma flate stod hovudbygningen i raud tegl, rikt dekorert med arkitektoniske detaljar. Sentralbygningen var berre på 15 x 15 meter i grunnplanet, men med kjellar, to hovudhøgder og loft. Bygningen var ikkje berre eit observatorium, men òg heimen til Tycho Brahe og familien hans, og det var dessutan plass til å take imot dei kongeleg, tre gjesteforskarar og åtte studentar, det var òg eit laboratorium og anna i bygningen.

Øya Ven hadde Tycho Brahe fått av kong Frederik II for å kunne drive med stjerneforsking. Bygningen var sterkt inspirert av hollandsk arkitektur, men i store drag ein kopi av villaen Rotonda ved Vicenza som Palladio hadde teikna. Namnet Uranienborg er avleia av Urania som i gresk mytologi er ei muse.

Bakgrunnsstoff endre