55°54′28.249″N 12°41′37.219″E / 55.90784694°N 12.69367194°E / 55.90784694; 12.69367194

Ven
øy
Land  Sverige
Areal 7,5 km²
Folketal 359 (2009)
Kart
Ven i Sverige
55°54′21″N 12°41′42″E / 55.905833333333°N 12.695°E / 55.905833333333; 12.695
Wikimedia Commons: Ven (Oresund)
Sankt Ibbs kyrkje ved Kyrkbacken. Altaret her vart donert av Tycho Brahe.

Ven (dansk òg Hven og Hveen) er ei svensk øy i Øresund mellom Sjælland og Skåne.

Ho har 371 innbyggjarar og eit areal på 7,5 km². Administrativt ligg øya under Landskrona kommun, i det meste av dansketida var ho underlagd Sjælland. Det finst tre mindre busetnader: Bäckviken, Norreborg og Kyrkbacken.

Øya er mest kjend for astronomen Tycho Brahe, som fekk øya som len av kong Frederik II. Her bygde han slottet og observatoriet sitt (Uranienborg) og seinare stjerneobservatoriet (Stjerneborg) på siste halvdelen av 1500-talet, der han blant anna virka med systera Sophie Brahe, og mottok dei leiande astronomane i verda, heilt til kong Christian IV forviste han.

Det finst lite igjen av observatoria, men den nedlagde Allehelgenskyrkja er vorten omdanna til Tycho Brahemuseum, og nede i ruinane av Stjerneborg kan ein oppleve eit multimedieshow som freistar å gje eit tidsbilete av tida til den berømde astronomen.

Andre attraksjonar er St. Ibbs kyrkje, restane av papirmølla til Tycho Brahe og dessutan spritdistilleriet i Backafallsbyn. Det er ferjesamband til Landskrona og København.

Historisk har øya vore dansk, men vart svensk ved Roskilde-freden i 1658, noko som vart stadfesta ved freden i København i 1660.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ven i Sverige