Stolt-Nielsen (OSE: SNI) er eit norsk-luxemburgsk konsern som i hovudsak driv med sjøtransport av flytande kjemikaliar og andre flytande substansar som bulklast over store delar av verda. Ein nyttar om lag 150 havgåande farkostar, der om lag halvparten er eigd eller drifta/bemanna av Stolt-Nielsen. Stolt-Nielsen er i dag eit av verdas største shippingselskap. Stolt-Nielsen driv i tillegg tankterminalar i USA, Europa, Sør-Amerika og Asia. Andre delar av konsernet er Stolt Tank Containers, samt Stolt Sea Farm som driv med oppdrett og foredling av fisk.

Stolt-Nielsen

BransjeLogistikk
Skipa1959
HovudkontorHamilton på Bermuda
Produktlogistikk
Grunnleggjar(ar)Jacob Stolt-Nielsen
Nettstadhttp://www.stolt-nielsen.com (engelsk)

Selskapet vart grunnlagt i 1959 av Jacob Stolt-Nielsen, som rekna seg sjølv som oppfinnaren av parceltankskipa, ein type fartøy som skil seg frå andre tankskip ved at kvar tank har si eiga pumpe og røyrsystem. ¨

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre