Spalteopning

(Omdirigert frå Stomata)

Spalteopningar (latin stoma (eintal) og stomata (fleirtal)) er småe opningar som finst i store mengder i overhuda og i mindre mengder andre stader på planter. Dei spelar ei viktig rolle i fotosyntesen ved at dei lèt karbondioksid inn og oksygen ut. Vassdamp vert sleppt ut gjennom spalteopningane ved transpirasjon.

Ei spalteopning på eit tomatlauv på eit farga elektronmikroskopbilete

Dei fleste plantene har flest spalteopningar på undersida av blada. Gras har om lag like mange på båe sidene, medan til dømes flyteblad av nykkerose berre har spalteopningar på oversida.

Kjelder endre

«spalteåpninger» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. april 2016.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.