Storalliansen (Augsburgligaen)

Storalliansen var ein europeisk koalisjon, som (til forskjellige tider) bestod av Austerrike, Bayern, Brandenburg, Dei sameinte Nederlanda, England, Det tysk-romerske riket, Irland, Kurpfalz, Portugal, Savoie, Sachsen, Skottland, Spania og Sverige. Organisasjonen, som vart grunnlagd i 1686 som Augsburgligaen, vart kjend som «Storalliansen» etter at England kom med i ligaen i 1689. Det var opphavleg eit forsøk på å stogge ekspanderinga til Ludvig XIV av Frankrike.

Grunnlegginga endre

Ligaen vart offisielt skipa av keisar Leopold I, etter råd frå Vilhelm III av Oranien. Hovudmålet med ligaen var å forsvare Pfalz frå Frankrike. Denne organisasjonen kjempa niårskrigen mot Frankrike frå 1688 til 1697.

Alliansen vart sett opp to gonger. Mellom 1689 og 1698 kjempa han niårskrigen mot Frankrike. Etter Haag-traktaten signert den 7. september 1701, gjekk alliansen i den andre fasen med den spanske arvefølgjekrigen. Krigen enda etter at partiet Tory vann valet i 1710 i Storbritannia, noko som førte til freden i Utrecht — ein fredsavtale med Frankrike som gav den spanske krona til den franske kandidaten, men som delte dei ytre landområda til Spania. I Spania heldt krigen fram til han vart avgjort med omleiringa av Barcelona den 11. september 1714.

Storalliansen fekk stor kulturell og politisk innverknad som eit døme på ein mogeleg europeisk union støtta av (dei fleste) tyske områda, Storbritannia og Nederlanda, samt mange franske intellektuelle som var misnøgde med styret til Ludvig XIV, utdrivinga av hugenottane i 1685 og unionen mellom katolisismen og den franske krona.

Slutten endre

Storalliansen enda hovudsakleg på grunn av aukande misnøye hos britane på grunn av dei dyre krigane utanlands. Storalliansen (og krigane utkjempa av alliansen) medverka òg til ein ny tanke om korleis krigar kunne utkjempast i framtida. Dødstala i dei viktigaste slaga og omleiringane var enorme, men ingen av dei tre krigane utkjempa frå 1689 til 1721 førte til like store omsynslause handlingar som i trettiårskrigen tidlegare på 1600-talet. I staden vart generalane i Storalliansen heltar i eit Europa som var «sivilisert sjølv i krig» - ein røyndom som skulle vare til den første tida av fyrste verdskrigen.

Kjelder endre