Kurfyrstedømet Bayern
Kurfyrstedømet Bayern (tysk Kurfürstentum Bayern) var eit sjølvstendig kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1623 til 1806, då det vart etterfølgd av kongedømet Bayern.
Kurfürstentum Bayern Kurfyrstedømet Bayern | |||||
Statar i Det tysk-romerske riket | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Bayern på eit kart over Det tysk-romerske riket i 1648 | |||||
Hovudstad | München | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Kurfyrste | |||||
- 1623-1651 | Maximilian I | ||||
- 1679-1726 | Maximilian II Emanuel | ||||
- 1726-1745 | Karl Albert | ||||
- 1745-1777 | Maximilian III Josef | ||||
- 1777-1799 | Karl Teodor | ||||
- 1799-1805 | Maximilian IV Josef | ||||
Historisk periode | Tidleg moderne Europa | ||||
- Opphøgd til kurfyrstedøme | 1623 | ||||
- Freden i Westfalen | 1648 | ||||
- Sett under keisarleg bannlysing | 1706 | ||||
- Bannlysinga opphevd | 1714 | ||||
- Personalunion med Pfalz |
1777 | ||||
- Opphøgd til kongedøme | 1806 |
Wittelsbach-dynastiet som styrte Bayern var den yngre greina av familien som òg styrte Kurpfalz. Overhovudet i den eldre greina var ein av sju kurfyrstar i Det tysk-romerske riket i følgje den gylne bullen av 1356, men Bayern var ekskludert frå kurfyrste-verdet. I 1621 vart kurfyrsten Fredrik V sett under keisarleg bannlysing for rolla si i Det bøhmiske opprøret mot keisar Ferdinand II og kurfyrste-verdet og territoriet til Øvre Pfalz vart gjeven til det lojale syskenbarnet hans, hertug Maximilian I av Bayern. Sjølv om Freden i Westfalen ville skape ein ny kurfyrstetittel for sonen til Fredrik V var det etterkomarane etter Maximilian som hadde det originale kurfyrste-verdet, med unntak av ein kort periode under den spanske arvefølgjekrigen, fram til linja hans døydde ut i 1777. Dei to slektene vart då slått saman i ein personalunion fram til slutten av Det tysk-romerske riket. I 1805, etter freden i Pressburg, opphøgde den dåverande kurfyrsten Maximilian Josef, seg sjølv til konge av Bayern og Det tysk-romerske riket vart avskaffa året etter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Electorate of Bavaria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2011.