Stordø Kisgruber

(Omdirigert frå Stordø Kisgruber A/S)

Stordø Kisgruber A/S var eit selskap som dreiv svovelkisgruvaLitlabø i Stord kommune frå 1907 til 1968.

Heistårnet ved Stordø Kisgruber, bygd i 1928. Det gule huset er eitt av husa som gruvearbeidarane budde i. Dette stod opphavleg ein annan stad i nærleiken, men er flytta hit som ein del av museumsområdet.
Heistårnet ved Stordø Kisgruber.

Gruvene var ein viktig arbeidsplass på Stord og mellom 150 og 400 arbeidarar jobba her. Den mest lønsame perioden var i 1950-åra. Arbeidarane budde i gule hus rundt gruveområdet, medan funksjonærane heldt til i kvite hus. Gruvesjakta under det karakteristiske heistårnet er om lag 750 djup og går loddrett ned. For kvar 50 meter finst det fleire kilometer lange gruvegangar innover i fjellet. Til saman er det 80 km med gruvegangar, som i dag er fylte med vatn.

Svovelkisen vart ført 3,3 km med elektrisk jernbane til utskipingshamna på Grunnavågneset ved Sagvåg. Anlegget hadde ein lastekapasitet på om lag 2000 tonn per skift og ein lagerkapasitet på 40 000 tonn.[1]

Området er i dag eit museum og mange av bygga tilknytte gruveområdet er bevart.

Starten

endre

I 1861 fann to lokale bønder svovelkis i området og det vart starta spordisk utvinning i dagbrot frå 1865, og seinare gjekk ein over til synkdrift. Det bergenske gruveselskap kjøpte eigedomen i 1870-åra og då bygginga av Vossabanen mellom Bergen og Voss tok til var behovet stort for dynamitt. Det vart derfor sett i gang dynamittproduksjonen i 1877 og ein dreiv stort sett berre gruva for å skaffe svovelkis til svovelsyreproduksjonen. Ei kald vinternatt i 1880 størkna nitrogylserinen i røyra og det var vanskeleg å kome i gang att med produksjonen morgonen etter. I iveren etter å få tint opp nitroglyserinen eksploderte heile anlegget. Fabrikken vart jamna med jorda, tre mann omkom og ein mann overlevde.[2] Fem år seinare selde selskapet gruvene til ingeniør Koren og Tørres Dale, som tjue år tidlegare hadde oppdaga dei første kisgangane.

Det var stor trong for svovelkis i industrien i Europa og i 1904 vart eigedomen seld til belgiske industrifolk. Stordø Kisgruber A/S vart skipa i 11. februar 1907 og etter kvart seld til tyske eigarar. Tyskarane moderniserte drifta for store summar.

Drift

endre

Den første hovudaksjonæren i Stordø Kisgruber A/S var H. Fasting frå Antwerpen, men alt 28. februar 1908 vart to tredjedelar av aksjane selde til det tyske selskapet Zellstoffabrik Waldhof og i 1912 kjøpte tyskarane òg resten av aksjane. Waldhof utvikla og fornya gruvedrifta, men etter at verksemda var kome godt i gang fekk Waldhof mindre innverknad.[1]

Natt til 24. januar 1943 utførte norske kommandosoldatar tilknytt No 5 troop, No 10 Inter Allied Commando, eit raid mot gruvene, kjend som Raidet mot Stordø Kisgruber. Årsaka til dette var at tyskarane ikkje skulle få nytta svovelkisen i krigsprodkusjonen. Arnfinn Haga har skrive bok om hendinga kalla «Raidet mot Stordø Kisgruber». Etter krigen overtok Staten verksemda som krigsbytte og i 1968 vart verksemda lagt ned. Stord kommune tok då over eigedomen.

Svovelkisen på Stord var den fattigaste av alle dei kjende kisgruvene som var i drift i verda i denne perioden. Kisen hadde berre om lag 23 % svovel og ikkje kopar, som svovelkis ofte har.[1] Waldhof valde likevel å satse på Stordø-kisen fordi dei trong store mengder svovelkis i celluloseproduksjonen sin. Spanske kisgruver dominerte marknaden og påverka mellom anna prisen på svovelkis. Som eigar av Stordø-kisen kunne Waldhof sjølv avgjere prisen.

Stordø fekk hovudsakleg elektrisitet frå sitt eige kraftverk på Børtveit, om lag 13 km nord for Litlabø. Her vart det levert 7 GWh på eit middels år.[1]

Geologi og produkt

endre

Kisen i området har eit sedimentært opphav og vert kalla vasskis. Bergartane som gruvene går gjennom er stort sett grønsteinskifer og bituminose-fyllittar.

Svovelkisen vart handsama på området og salsproduktet var eit konsentrat med om lag 38 % svovel og 41 % jern. Salsproduktet utgjorde om lag 42 % av rågodsmengda. Som biprodukt vart det levert singel, kalla «Stord Makadam».[1]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Nils Jørgen Sætrevik (1978). «Stordø Kisgruber A/S 1945 - 1972 - Drift og styring». Hovudfag i Historie - Universitetet i Bergen. 
  2. Severin Eskeland (1957). Herbrand Lavik, red. Stordø Kisgruber - Soga om ei verksemd 1907-1957.