Stora Stokkavatnet
Stora Stokkavatnet er eit innlandsvatn i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Stora Stokkavatnet ligg i bydelane Madla, Tasta og Eiganes og Våland og er 2,19 km² stort - det største i Stavanger, følgd av Hålandsvatnet og Mosvatnet. Vatnet ligg 11 moh. og er 42 meter på det djupaste. Rett ved Stora Stokkavatnet ligg Litla Stokkavatnet (0,15 km² stort).
Stora Stokkavatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Stavanger | ||
Høgd over havet | 11 moh. | ||
Areal | 2,19 km² | ||
Middeldjupn | 42 m | ||
Øyar | 1 | ||
Stora Stokkavatnet 58°57′52″N 5°40′09″E / 58.96434889°N 5.669289°E |
Turen rundt vatnet er 8240 meter lang. I vatnet ligg ein holme, Storeholmen.
Stora Stokkavatnet har to tydelege tilløpsbekkar i nord, Mississippibekken og Møllebekken. Møllebekken som kjem frå Litla Stokkavatnet er det største tilløpet. Utløpsbekken i sør renn ut i sjøen i Møllebukta i Hafrsfjord.
Stora Stokkavatnet er i dag reserve-drikkevasskjelde i byen. I perioden 1931–1959 var det byen sitt drikkevatn.