Store Styggedalstind

Store Styggedalstind, òg kalla Styggedalstindene, Store, er ein av Styggedalstindane, som er ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen. Ryggen ligg igjen i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Vestland.

Store Styggedalstind
Austtoppen
fjell
Styggedalstindene (til høgre) sett frå Fannaråki.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Fjellområde Hurrungane, Jotunheimen
Høgd 2 383 moh.
Primærfaktor 160 m
Førstestiging Carl Hall, Mattias Soggemoen, Torger Sulheim
 - dato 7. august 1885
Koordinatar 61°27′52″N 07°54′07″EKoordinatar: 61°27′52″N 07°54′07″E
Kart
Store Styggedalstind
61°27′52″ N 7°54′5″ E

Store Styggedalstind, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er ein om lag 800 meter lang rygg som går i aust-vest-retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg om lag 300 m frå kvarandre.

Store Styggedalstind (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig kvalifiserer til å verte kalla Noreg sitt femte høgaste fjell, er han normalt ikkje med i lister over Noreg sine høgaste fjell sidan han har ein primærfaktor på berre 25 m.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre