Styggedals- og Skagastølsryggen
Styggedals- og Skagastølsryggen er den høgastliggande fjellryggen i Noreg og ligg i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen. Ryggen ligg hovudsakleg i Luster kommune i Vestland, men den sørvestre delen ligg i Årdal kommune i same fylke.
Styggedals- og Skagastølsryggen | |||
fjell | |||
Ryggen sett frå Fannaråki.
Foto: Bernt Marius Johnsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Luster, Årdal (Vestland) | ||
Fjellområde | Hurrungane | ||
Høgd | Storen: 2 405 moh. | ||
Styggedals- og Skagastølsryggen 61°27′05″N 7°50′24″E / 61.451486°N 7.83994694°E |
Toppane langs Styggedals- og Skagastølsryggen er av dei høgaste i Noreg og er, frå nord mot sør og aust
- Nordre Skagastølstind (2167 moh.)
- Skagastølsnebbet (2222 moh.)
- Midtre Skagastølstind (2284 moh.)
- Vetle Skagastølstind (2340 moh.)
- Storen (Store Skagastølstind) (2405 moh.)
- Sentraltind (Vestre Styggedalstind) (2348 moh.)
- Store Styggedalstind, Vesttoppen (2383 moh.)
- Store Styggedalstind, Austtoppen (2387 moh.)
- Jervvasstind (Austre Styggedalstind) (2351 moh.)