Storhaletrupial
Storhaletrupial (Quiscalus mexicanus) er ein fugl i trupialfamilien. Han har utbreiing frå nordlegaste Sør-Amerika, gjennom Sentral-Amerika og nord til sørlege og sentrale USA.
Storhaletrupial | |
Hannfugl i Ambergris Caye, Belize Foto: Flickr-brukar dfaulder
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Storhaletrupial | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Trupialfamilien Icteridae |
Slekt: | Quiscalus |
Art: | Storhaletrupial Q. mexicanus |
Vitskapleg namn | |
Quiscalus mexicanus |
Skildring
endreStorhaletrupialar er mellomstore fuglar, større enn starar og mindre enn kråker. Arten syner stor kjønnsdimorfisme. Hannar er i gjennomsnitt ca. 43 centimeter og veg 230 gram, tal for hoer er 33 cm 128 gram. Dette er gjennomsnittleg for kvart kjønn, det finst store variasjonar. Begge kjønn har lange halar, størst hos hannar som òg kan vri halen slik at han synast stor frå sida. Hannar er iriserande svarte med lilla-blå glans på fjørene av hovudet og overkroppen, medan hoene er brune med mørkare venger og hale.[1] Vaksne av begge kjønn har lys, gule auge, medan ungfuglar av begge kjønn har brune auge og brun fjørdrakt nett som vaksne hoer, men med striper på brystet.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Great-tailed Grackle» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2016.
- Fraga, R. (2016). Great-tailed Grackle (Quiscalus mexicanus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. mars 2016
- BirdLife International (2016) Species factsheet: Quiscalus mexicanus. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. mars 2016
- Referansar