Storhertugdømet Toscana

Storhertugdømet Toscana (italiensk Granducato di Toscana, latinsk Magnus Ducatus Etruriae) var ein sentral italiensk monarki som eksisterte frå 1569 til 1859 (med nokre avbrot), og erstatta Hertugdømet Firenze.[1] Hovudstaden i storhertugdømet var Firenze. Før huset Lorraine tok over makta, var Toscana nominelt ein stat i Det tysk-romerske riket fram til freden i Westfalen i 1648.

Granducato di Toscana
Storhertugdømet Toscana
Hertugdømet Florence
 

 
Hertugdømet Lucca
1569 – 1801
1815 – 1859

 

Nasjonalsong
«La Leopolda»
Plasseringa til Toscana
Plasseringa til Toscana
Storhertugdømet Toscana på det største i 1796
Hovudstad Firenze
Språk Italiensk
Styreform Monarki
Storhertug
 - 1569–1574 Cosimo I de' Medici (første)
 - 1824–1859 Leopold II (siste)
Historie
 - Oppretta 27. august 1569
 - Slutten på Medici-styret 9. juli 1737
 - Nedlagd 21 mars 1801
 - Gjenoppretta 9. juni 1815
 - Avsetjinga av Huset Habsburg-Lorraine 16. august 1859
 - Slått saman til
Dei sameinte provinsane
i Sentral-Italia
8. desember 1859
Innbyggjarar
 - 1801 est. 1 096 641 [1] 
Valuta Toskansk lire (−1826)
Toskansk fiorino (1826–1859)
[1] United Kingdom of Great Britain and Irland; House of Commons, John Bowring, 1839, s. 6

Storhertugdømet vart først styrt av huset Medici fram til denne familien døydde ut i 1737. Under Medici blømde Toscana. Sjølv om det ikkje var like internasjonalt kjend som den gamle republikken, kunne det vise til eineståande økonomisk og militær suksess under Cosimo I og sønene hans, fram til regjeringstida til Ferdinando II, då økonomien i staten byrja å verte svekka. Staten nådde eit høgdepunkt under Cosimo III. Det einaste framsteget til Medici-familien i den siste tida før dei døydde ut, var at dei vart opphøgd til kongelege av den tysk-romerske keisaren i 1691. Den eldre greina av Medici-linja døydde ut i 1737.

Frans Stefan av Lorraine, ein etterkomar av Medici-slekta, avløyste familien og tok over trona. Toscana vart styrt av ein statthaldar, Marc de Beauvau-Craon, i heile regjeringstida hans. Etterkomarane hans styrte, og heldt til i, storhertugdømet fram til 1859, berre avbroten av Napoleon Bonaparte som gav Toscana til huset Bourbon-Parma. Etter at det napoleonske systemet kollapsa i 1814, vart storhertugdømet gjenoppretta. Dei sameinte provinsane i Sentral-Italia, ein klientstat i Kongedømet Sardinia-Piemonte, annekterte Toscana i 1859. Toscana vart formelt annektert til Sardinia i 1860, etter ei folkeavsetmming, der 95 % av stemmarane støtta forslaget.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Strathern, Paul: The Medici: Godfathers of the Renaissance, Vintage books, London, 2003, ISBN 978-0-099-52297-3, s. 315–321
  2. François Velde (July 4, 2005). «The Grand-Duchy of Tuscany». heraldica.org. Henta 23. april 2012.