Stormuslingkreps
Stormuslingkreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Stormuslingkreps
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Muslingkreps Ostracoda
Orden: Podocopida
Familie: Cyprididae
Slekt: Herpetocypris
Art: Stormuslingkreps H. reptans
Vitskapleg namn
Herpetocypris reptans

Stormuslingkreps (Herpetocypris reptans) er ein muslingkreps som er ljost grøn med mørkegrøne flekkar. Han har ei skallengd på opp til 2,6 millimeter, og er med det den største arten av muslingkreps i Noreg. Hannar er ikkje kjende for denne arten. Stormuslingkreps kan vanskeleg forvekslast med andre artar.

Stormuslingkreps lever i botnsediment i næringsrike dammar med stabil vass-spegel og i verna, næringsrike viker i større innsjøar. Han ser ut til å føretrekkja leirrike sediment med mykje vassplantar, gjerne i tjørner og støre parkdammar i kulturlandskap, der han beitar på visnande plantar og detritus.

Storleiken til stormuslingkreps gjer han utsett for å verta jakta av fisk.

I Noreg har stormuslingkreps truleg ei avgrensa utbreiing. I ei nyleg (2016 eller tidlegare) landsdekkjande kartlegging vart arten berre funnen nokre få stader i låglandet kring Oslo (mellom anna i Frognerdammen). Georg Ossian Sars rapporterte derimot om stormuslingkreps òg i dammar kring Trondheim.

Kjelder endre