Storsæterfossen

Storsæterfossen er ein foss i Geiranger som ligg på nordsida av hovuddalføret opp for garden Vesterås. Ein kjem opp til fossen etter ein times gange frå denne garden. Fossen ligg der den flate Vesteråsdalen endar mot den bratte dalsida ned mot bygda Geiranger. Det går an å gå bakom den fritt fallande fossen. Dette er det også tilrettelagt for med rekkverk.

Storsæterfossen
foss
Storsaeterfossen.JPG
Storsæterfossen zooma frå råsa opp til fossen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Stranda
Fossetype Kaskade, stupfoss
Tal på fall 1

Storsæterfossen
62°6′18″ N 7°13′51″ E
Wikimedia Commons: Storsæterfossen

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Storsæterfossen