Fylkeskommune
Fylkeskommune er eit politisk styringsorgan på regionalt nivå i Noreg. Fylkeskommunane er ei folkevald styresmakt innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Dei har kvart sitt fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn representantar for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala.
Styresmakter
endreFylkeskommunen sin administrasjon vert utgjord av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
Statsforvaltar
endreStatsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, men er ikkje ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagd regjeringa.
Ikkje ein del av noko fylke
endreJan Mayen og Svalbard høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit. Jan Mayen er underlagt statsforvaltaren i Nordland,[1] medan Sysselmeisteren på Svalbard er administrativt underlagt Justisdepartementet.[2]
Bouvetøya, Peter I Øy og Dronning Maud Land vert rekna som biland.
Historie
endreAmta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å verta primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skild ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.
Fram til 2002 var dei offentlege sjukehusa styrte og finansierte av fylkeskommunane, men sjukehusreforma av 2002 skilde sjukehusa ut av fylkeskommunane, og det vart danna fem helseføretak.[3][4] I dag er det fire helseføretak.[5]
Regionreformer
endre- Sjå òg Regionreforma i Noreg.
I 2020 hadde ein regionreforma som ende med at tal fylkeskommuner vart reduserte frå 19 til 11.[6]
I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitta opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[7][8] Desse fylka vart oppløyste frå 1. januar 2024.[9]
Noverande fylkeskommunar
endreNummer[a] | Namn | Adm. senter | Folketal | Areal[10] | Tal komm. | Kart | Målform[11][12] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
03 | Oslo | Oslo | 717 710 | 454,12 | 1 | nøytral | |
11 | Rogaland | Stavanger | 499 417 | 9 377,10 | 23 | nøytral | |
15 | Møre og Romsdal | Molde | 270 624 | 14 355,62 | 26 | nynorsk | |
18 | Nordland | Bodø | 243 081 | 38 154,62 | 41 | nøytral | |
31 | Østfold | Sarpsborg | 312 152 | 4 004,2 | 12 | nøytral | |
32 | Akershus | Oslo | 728 803 | 5 894,47 | 21 | nøytral | |
33 | Buskerud | Drammen | 269 819 | 14 693,87 | 18 | nøytral | |
34 | Innlandet | Hamar | 376 304 | 52 072,44 | 46 | nøytral | |
39 | Vestfold | Tønsberg | 256 432 | 2 167,65 | 6 | nøytral | |
40 | Telemark | Skien | 177 093 | 15 298,16 | 17 | nøytral | |
42 | Agder | Kristiansand | 319 850 | 16 434,12 | 25 | nøytral | |
46 | Vestland | Bergen | 651 299 | 33 870,99 | 43 | nynorsk | |
50 | Trøndelag | Steinkjer | 482 956 | 42 201,59 | 38 | nøytral | |
55 | Troms | Troms | 169 610 | 25 862,99 | 21 | nøytral | |
56 | Finnmark | Vadsø | 75 053 | 48 631,09 | 18 | nøytral |
Tidlegare fylkeskommunar
endreNummer | Namn | Adm. senter | Areal[13] | Tal komm. | Kart | Målform[11][12] | Opphøyrte | Vart ein del av | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | Østfold | Sarpsborg | 4 182,19 | 18 | bokmål | 2020 | Viken | Attoppretta 1. januar 2024 | |
02 | Akershus | Oslo | 4 918,05 | 22 | nøytral | 2020 | Viken | Attoppretta 1. januar 2024 | |
04 | Hedmark | Hamar | 27 399,61 | 22 | nøytral | 2020 | Innlandet | ||
05 | Oppland | Lillehammer | 25 189,61 | 26 | nøytral | 2020 | Innlandet | ||
06 | Buskerud | Drammen | 14 910,76 | 21 | nøytral | 2020 | Viken | Attoppretta 1. januar 2024 | |
07 | Vestfold | Tønsberg | 2 224,36 | 14 | bokmål | 2020 | Vestfold og Telemark | Attoppretta 1. januar 2024 | |
08 | Telemark | Skien | 15 299,22 | 18 | nøytral | 2020 | Vestfold og Telemark | Attoppretta 1. januar 2024 | |
09 | Aust-Agder | Arendal | 9 158,16 | 15 | nøytral | 2020 | Agder | ||
10 | Vest-Agder | Kristiansand | 7 276,38 | 15 | nøytral | 2020 | Agder | ||
12 | Hordaland | Bergen | 15 440,03 | 33 | nynorsk | 2020 | Vestland | ||
13 | Bergen | Bergen | 1 | 1972 | Vestland | ||||
14 | Sogn og Fjordane | Hermansverk/Leikanger | 18 622,73 | 26 | nynorsk | 2020 | Vestland | ||
16 | Sør-Trøndelag | Trondheim | 18 855,75 | 25 | nøytral | 2018 | Trøndelag | ||
17 | Nord-Trøndelag | Steinkjer | 22 414,73 | 23 | nøytral | 2018 | Trøndelag | ||
19 | Troms | Tromsø | 25 869,69 | 24 | nøytral | 2020 | Troms og Finnmark | Attoppretta 1. januar 2024 | |
20 | Finnmark | Vadsø | 48 615,91 | 19 | nøytral | 2020 | Troms og Finnmark | Attoppretta 1. januar 2024 | |
30 | Viken | Oslo, Drammen, Sarpsborg | 24 596 | 51 | nøytral | 2023 | Akershus, Buskerud, Østfold | ||
38 | Vestfold og Telemark | Skien | 17 465,92 | 23 | nøytral | 2023 | Vestfold, Telemark | ||
54 | Troms og Finnmark | Tromsø | 74 829,68 | 39 | nøytral | 2023 | Troms, Finnmark |
Sjå òg
endreMerknadar
endre- ↑ Fylkesnummeret høyrer til Statistisk sentralbyrå, og er ein del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2:NO.
Kjelder
endre- ↑ «Jan Mayen – administrasjon» av Susan Barr i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2
- ↑ «sykehusreformen». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 24. januar 2020.
- ↑ omsorgsdepartementet, Helse-og (13. september 2002), «St.prp. nr. 1 (2002-2003)», 042001-030004 (på norsk), henta 30. oktober 2022
- ↑ Braut, Geir Sverre; Parr, Håvard Klyve; Allkunne (23. august 2022). «helseføretak». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Fylkessammenslåinger i regionreformen», Regjeringen.no (på norsk), 19. desember 2019, henta 30. oktober 2022
- ↑ «Prop. 113 LS (2021–2022)», Regjeringen.no (på norsk), 12. mai 2022, henta 30. oktober 2022
- ↑ Heiervang, Camilla Helen (31. juli 2021), «Senterpartiet vil oppløse Viken», NRK (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2022
- ↑ «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 1. januar 2024
- ↑ «Arealstatistikk for Norge». Kartverket (på norsk bokmål). 20. desember 2019. Henta 2. januar 2020.
- ↑ 11,0 11,1 Lovdata. «Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar». Henta 16. januar 2008.
- ↑ 12,0 12,1 «Forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar (språkvedtaksforskrifta)». Lovdata. FOR-2019-12-20-2114
- ↑ Statens kartverk (1. januar 2008). «Arealstatistikk for 2006». Arkivert frå originalen 21. september 2013. Kolonne F: Totalt areal: fastland og øyer: km²
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fylke (Norge)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2011.