Stortviblad
Stortviblad | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Neottia | ||
Art: | N. ovata | ||
Vitskapleg namn | |||
Neottia ovata
(Linné) Rich.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia |
Stortviblad (Neottia ovata) er ei plante i fuglereirslekta Neottia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad
endreStortviblad er ein opptil 60 centimeter høg orkidé med to store, ovale blad nedst på stengelen. Dei mange gulgrøne blomane sit i et høgt og smalt aks. Stortveblad kan somme stader finnast i store mengder.
Systematikk
endreTidlegare var stortviblad knytta til tvibladslekta Listera med namnet Listera ovata, men nyare genetisk forsking har synt at arten skal innlemmast i slekta Neottia, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]
Utbreiing
endreStortviblad veks i kalkrik skog over det meste av landet til Porsanger.[5] I raudlistevurderinga 2021 har arten status som livskraftig (LC).[6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn tvåblad),[7] i Danmark (LC, dansk namn ægbladet fliglæbe),[8] i Finland (LC, finsk namn soikkokaksikko)[9] og på Island (NT, islandsk namn hjónagras).[10][11]
Stortviblad (engelsk namn common twayblade) er vanleg over heile Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[12][13] på same måte som lokalt i England og Wales,[14][15] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16]
I Estland (estisk namn suur käopõll) veks stortviblad over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[17] I Latvia (latvisk namn ovālā divlape)[18] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[19] I Litauen (litauisk namn kiaušininė dviguonė) er arten mellom dei mest vanlege orkideane og er rekna som livskraftig.[20][21]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn grote keverorchis , fransk namn listère ovale) over store delar av landet i Nederland og både i Flandern og Vallonia i Belgia.[22][23] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd).[24] I Belgia er han rekna som livskraftig (LC, momenteel niet in gevaar) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[25][26] I Luxembourg er han rekna som livskraftig (LC).[27]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar stortviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre stortviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ Richard M. Bateman mfl. (2005). «Phylogenetics: Neottieae». I Alec M. Pridgeon mfl. Genera Orchidacearum Volume 4: Epidendroideae 1. Oxford: Oxford University Press. s. 481–495. ISBN 9780198507123.
- ↑ Richard M. Bateman (2009). «Evolutionary classification of European orchids: the crucial importance of maximising explicit evidence and minimising authoritarian speculation» (PDF). Journal Europäischer Orchideen 41 (2): 243–318. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Artskart: Stortviblad, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Stortviblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Artfakta naturvård: Neottia ovata tvåblad». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Ægbladet Fliglæbe Neottia ovata». Naturbasen. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Neottia ovata». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Eggtvíblaðka (Listera ovata)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023.
- ↑ «Neottia ovata». Global Biodiversity Information Facility. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Listera ovata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: ovālā divlape» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 80-81. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Neottia ovata». FLORON. Henta 20. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Grote keverorchis – Neottia ovata». Waarnemingen.be. Henta 21. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) stortviblad hos Artsdatabanken
- (en) stortviblad i Encyclopedia of Life
- (en) stortviblad i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) stortviblad hos Dyntaxa
- (en) stortviblad hos ITIS
- (en) stortviblad hos NCBI
- (en) stortviblad hos The International Plant Names Index
- (en) stortviblad hos Tropicos
- (en) Kategori:Neottia ovata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Neottia ovata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Neottia ovata – detaljert informasjon på Wikispecies