Stourbridge er ein by innanfor det administrative distriktet Dudley (Metropolitan borough) i West Midlands i England. Historisk har byen vore ein del av Worcestershire.

Stourbridge

Kanalvegen til Stourbridge
Kanalvegen til Stourbridge
Kanalvegen til Stourbridge
Plassering
Stourbridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Midlands
Distrikt Dudley
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

56 549
Koordinatar 52°27′N 2°9′W / 52.450°N 2.150°W / 52.450; -2.150
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: Stourbridge

I dag omfattar det forstadane Amblecote, Lye, Norton, Oldswinford, Pedmore, Wollaston Wollescote og Wordsley (DY8). Byen har kring 55 000 innbyggjarar og store delar av dei er pendlarar til Birmingham og Black Country (eit laust definert område i West Midlands). Stourbridge er inkludert i den parlamentariske valkretsen Stourbridge.

Stourbridge var eit sentrum for glasindustri sidan 1500-talet og fram til 1800-talet.

Historie endre

I hundreår var Stourbridge innanfor det gamle soknet til Oldswinford i Worcestershire og var kjent som Bedcote. Sidan 1974 har Stourbridge vore ein del av distriktet Dudley.

Stourbridge vart skriven i «Sturbrug» eller «Sturesbridge» i domstolsrullane til Worcestershire i 1255. Mellomalderbyen låg innanfor herregodset Swynford (eller Swinford). Busetnaden innanfor det mindre herregodset Bedcote, som lenge var namnet på byen, og er i dag bevart i eit gatenamn. Swinford er nemnt i eit angelsaksisk charter frå rundt 950, og då skrive «Suineforde», eit namn som òg er nemnt i Domesday Book då herregodset var eigd av William Fitz Ansculf, ein av dei mektigaste normanniske herrane. Han styrte eigedommane sine frå festninga si på bakketoppen i Dudley. [1]

Stourbridge har namnet sitt frå elva Stour, som renn gjennom byen og har i hundreår utgjort grensa mellom Worcestershire og Staffordshire. Grensa vart flytta nokre kilometer lengre nord i 1966 då det urbane distriktet Amblecote (tidlegare i Staffordshire) vart lagt inn under borough Stourbridge. Dette opplegget varte i åtte år inntil det vart oppheva ved lokalstyrelova av 1972 i 1974 da Stourbridge vart lagt inn under borough Dudley og vart ein del av det større fylket West Midlands.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre