Strå (norrønt strá) er ei daglegdags nemning på stengelen til gras, som ofte er hol, rund og ledda. I vid tyding kan omgrepet visa til alle runde, tynne stengler.[1]

Strå i morgonsol.
Jordbær på eit strå.

Avrivne strå kan ha ulike bruksområde både i frisk og tørka tilstand, og går att i fleire faste uttrykk. Ein kan tygga på friske strå. Når ein plukker bær som blåbær eller markjordbær kan ein tre dei på strå for å samla dei.

Tørka strå kan brukast til dyrefôr eller som materiale, til dømes til taktekking.

Å dra strå er ein gammal måte å trekka lodd om noko. Å trekka det kortaste strået tyder at ein tapar, medan å dra det lengste tyder at ein vinn. I ein del val har ein nytta strå for å velja ein kandidat der to toppkanditatar har fått like mange røyster. Dette er til dømes mogleg ved lokalval i Storbritannia, der ein også kan slå mynt eller krone.[2] Slike metodar er også mogleg i lokalval fleire stader i USA. Han blei nytta 20. november 2015 ved delstatsvalet i Mississippi etter at begge kandidatane fekk 4 589 røyster. Trekkinga av to sugerøyr (engelsk drinking straw) førte til at Blaine Eaton blei gjenvald til Mississippi House of Representatives.[3]


Sjå òg endre

Kjelder endre