Sugerøyr er ein avlang sylinder ein kan bruka til å suga i seg væske i staden for å hella henne inn i munnen. Farge, form og materiale varierer mykje mellom ulike materiale. Dei vanlegaste sugerøyra er retter og einsfarga med ein lett bøy nokre centimeter frå eine enden for å gjera dei meir ergonomiske å bruka.

Bøyelege sugerøyr

Ved bruk plasserer ein enden av sugerøyret i ein behaldar med væske og har munnen rundt den andre enden. Gjennom å suga med munnen blir det skapt eit lett undertrykk i sylinderen, slik at væska blir sogen opp og transportert gjennom røyret.

Sugerøyr kan brukast til å gjera drikkar meir festlege. Dei kan også brukast til å filtrera drikke. Dei kan vera eit nyttig hjelpemiddel for personar med dysfagi, vanskar med å svelgja og tygga.[1] Folktandvården i Sverige anbefaler bruk av sugerøyr når ein drikker sure drikkar for å førebygga korrosjontennene.[2]

Storleik endre

Ein standard storleik på eingongssugerøyr i plast har 6 mm indre diameter og ei lengd på rundt 22 cm.[3] Denne dimensjonen verker ofte godt for tyntflytande væsker (væsker med låg viskositet). For væsker med høg viskositet (som smoothie eller tjukke supper) føretrekk mange eit sugerøyr med større diameter for betre gjennomstrøyming, slik at det blir lettare å suga. Som døme på ulike storleik tilbyr ein produsent gjenbrukbare metallsugerøyr i diametrane 6, 8, 9 og 12 mm, meint for høvesvis «standard bruk», «brei variant», «smoothie» og «boba».[3] Det finst også ekstra tynne sugerøyr med indre diameter rundt 3-4 mm.

Kjelder endre

  1. «Tugga och svälj – en komplicerad process». www.habilitering.se (på svensk). Arkivert frå originalen 5. august 2018. Henta 4. august 2018.  Arkivert 2018-08-05 ved Wayback Machine.
  2. «Frätskador». Folktandvården i Stockholm. Henta 18 mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 Choosing the right length and width for your reusable straws - Steelys® Straws

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sugerøyr