Strøm kyrkje
kyrkje i Sør-Odal i Innlandet
Strøm kyrkje er ei krosskyrkje i tegl på Strøm i Sør-Odal. Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, då ho var vigd til Heilag-Olav. Ein veit ikkje heilt sikkert kor mange kyrkjer det dreier seg om, men dei tidlegare kyrkjene var av tre. Den noverande er av tegl, som vart vanlegare som bygningsmateriale for kyrkjer etter brannen i Grue kyrkje. Dette er den historiske hovudkyrkja for Odalen.
Strøm kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sør-Odal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Strøm | ||
Fellesråd | Sør-Odal | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Heinrich Ernst Schirmer | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 17. juli 1857 | ||
• Vigd til | Heilag-Olav | ||
• Endringar | 1950-53, 1991 | ||
Tårn | I vest | ||
Klokker | 2, ca. 1600 og 1991 (Olsen Nauen Klokkestøperi) | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1857 | ||
Døypefont | 1800 | ||
Altartavle | Ramme Jens Olsen 1892, bilete måla av Helene Gundersen e. Adolph Tidemand (Oppstoda, frå Bragernes kyrkje) | ||
Orgel | Ryde og Berg, 2010 | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Diverse | Glasmåleri av Finn Hansen 1915. Gamalt epitafium. | ||
Strøm kyrkje 60°14′37″N 11°45′49″E / 60.24361111°N 11.76361111°E | |||
Wikimedia Commons: Strøm kirke |
Prestegarden ligg rett vest for kyrkja.
Kjelder
endre- Sindre, Pål, red. (2007). Strøm kirke 150 år 1857-2007.
- Frøseid, Hans Marius, red. (1982). Strøm kirke 125 år 1857-1982.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 631. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Strøm kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Strøm kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Strøm kyrkjelyd Arkivert 2016-09-18 ved Wayback Machine.Denne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.