Opna hovudmenyen

Espen Olsen (fødd 13. mars 1979 i Lørenskog) er ein norsk fotballspelar som hausten 2011 spelar for Strømmen i den norske Adeccoligaen. Han var Sogndal sin toppskårar i 1. divisjon i 2010-sesongen med 12 seriemål. Han kom til Sogndal frå Stabæk, som han skreiv under ein 3,5 års kontrakt med 20. august 2007,[2] men han tilbrakte delar av denne tida på lån hjå Start. Olsen kom til Stabæk frå Hamarkameratene, der han spelte 171 kampar og skåra 46 mål, for om lag éin million kroner.[3][4] Olsen har tidlegare spelt for både Strømmen og Lørenskog, og på to sesongar skåra han 50 mål for sistnemnde i 2. divisjon. I august 2011 vende han attende til Strømmen etter å ha fått lite speletid i Sogndal.[5]

Espen Olsen
Stroemmen stadium IMG 7632 stroemmen if ESPEN OLSEN.jpg
Personleg informasjon
Fødd 13. mars 1979 (40 år)
Fødestad Lørenskog
Høgd 180 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Strømmen
Nummer 10
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
–2000
2000–2002
2002–2007
2007–2008
2008
2008–11
2011-
Noreg Strømmen
Noreg Lørenskog
Noreg Ham-Kam
Noreg Stabæk
Noreg Start (lån)
Noreg Sogndal
Noreg Strømmen

- (50)
152 (46)
6 (0)
15 (5)
79 (17)[1]
0 (0)
Landslag
2006– Noreg Noreg 2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

BakgrunnEndra

Olsen kom til Ham-Kam før 2002-sesongen, og blei året etter toppskårar i klubben, da laget rykte opp til Tippeligaen. Han hadde ikkje like stor suksess etter opprykket, og sleit med å skåra mål, sjølv om han spelte dei fleste kampane på topp saman med Geir Frigård. Vårsesongen 2005 gjekk heller ikkje bra, med berre eitt mål. Men då Ham-Kam kjøpte Markus Ringberg, utvikla dei to spissane eit godt samarbeid, som for Olsen sin del resulterte i sju mål i løpet av haustsesongen. Med åtte mål blei han igjen lagets toppskårar, og han blei også kåra til årets spelar av lagets supportarar.

Etter den positive haustsesongen i 2005, då han blei klubbens toppskårar med åtte mål, blei Espen Olsen den største overraskinga da Åge Hareide tok ut troppen til landslaget sin årlege januar-tur. Olsen hadde aldri tidlegare spelt landslagsfotball, heller ikkje på aldersbestemt nivå. Laget drog til California i USA for å møta Mexico og USA i to treningskampar. Han fekk spela i begge kampane, men klarte ikkje å utmerka seg nemneverdig. Etter sesongen blei han også kåra til Ham-Kams beste spelar på klubben si heimeside.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 18. april 2011.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra