Drammen stasjon
Drammen stasjon ligg 2,2 meter over havet på breidda av Drammenselva i den luten av Drammen som heiter Strømsø, og er ein stasjon for både Drammensbanen mot Oslo Sentralstasjon, Vestfoldbanen mot byane i Vestfold, Sørlandsbanen over Hokksund til Kristiansand og Stavanger, og Randsfjordbanen mot Hønefoss (strekninga Drammen – Hokksund på Sørlandsbanen er opphavleg ei strekning på Randsfjordbanen). Persontoga på Bergensbanen går òg om Drammen stasjon og over Randsfjordbanen på strekninga mellom Oslo Sentralstasjon og Hønefoss.
Drammen stasjon | |
Ekspedisjonsbygningane på Drammen stasjon, sett frå Strømsø torg. Den eldste er frå 1863 og teikna av Georg Andreas Bull, den noverande ekspedisjonsbygningen ligg til høgre for denne. Foto: Helge Høifødt
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Drammen (Viken) |
Distanse | 52,86 km. frå Oslo |
Høgd | 2,2 moh. |
Opna | 15. november 1866 |
Arkitekt | Georg Andreas Bull (1863) |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Drammenbanen Vestfoldbanen Sørlandsbanen Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Flytoget, Go-Ahead, Vy Tog |
Overgang | |
Drammen stasjon, som ligg 42 kilometer frå Oslo Sentralstasjon, vart opna 15. november 1866, då Randsfjordbanen vart teke i bruk, og er ombygd fleire gongar.