Stranded in the Jungle

Stranded in the Jungle
Singel av The Jay Hawks
B-side

My Only Darling

Utgjeve 1956
Sjanger R&B, doo-wop
Lengd 2:45
Selskap Flash Records
Låtskrivar(ar) James Johnson, Ernestine Smith
The Jay Hawks-kronologi 
«Counting My Teardrops»
(1955)
Stranded in the Jungle «Don't Mind Dyin'»
(1956)


«Stranded in the Jungle» er ein song opphavleg innspelt av amerikansk doo wop-gruppa The Jay Hawks. Han nådde 18. plassen på den amerikanske poplista. Ein coverversjon av songen spelt inn av den amerikanske doo wop-gruppa The Cadets i 1956 nådde 15. plass på den amerikanske poplista og 3. plass på Rhythm and Blues-lista den same veka, medan ein annan versjon av the Gadabouts nådde 39. plass på poplista ei veke seinare. Alle desse tre vart one-hit wonders, og «Stranded in the Jungle» vart den einaste hitten dei hadde.

The Cadets-versjonen inneheld eit talt vers av Will «Dub» Jones. Det var under det siste refrenget i denne songen at Prentice Moreland syng linja «Great googly moogly, get me outta here!»

«Stranded in the Jungle» vart spelt av New York Dolls i 1974 på album Too Much Too Soon og gjeven ut som den første singelen frå dette albumet.[1]

Songen vart spelt av Frank Zappa på den nordamerikanske delen av turneen hans i 1976 og gjeven ut i 2009 på albumet Philly '76.

Kjelder endre

  1. Strong, Martin Charles (2002). The Great Rock Diskografi. The National Academies. s. 126. ISBN 1-84195-312-1. 

Bakgrunnsstoff endre