Straume på Litlesotra
(Omdirigert frå Straume på Sotra)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Straume.
Straume er kommunesenteret i Øygarden kommune i Vestland fylke. Staden ligg vest på øya Litlesotra. Sartor Storsenter, eit av dei største kjøpesentera på Vestlandet, ligg i Straume sentrum. Frå Straume går Riksveg 555 på Straumsundbrua over til Bildøy.
Straume | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Øygarden | ||
Postnummer | ![]() | ||
![]() Straume |
Busetjinga har vorte så tett i området av Statistisk sentralbyrå reknar Straume og Knarrevik som ein tettstad [1]. Der bur 10 988 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Knarrevik/Straume.[2] Tettstadområdet femner også tilliggjande tettbygde strøk sør på Bildøy og aust på Sotra (Kolltveit).
KjelderEndra
Denne Vestlandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.