Stripete borebille

Stripete borebille (Anobium punctatum), i daglegtalen mit eller mott, er den vanlegaste og viktigaste skadegjeraren på bygningstømmer og møblar i Noreg. Den let etter seg ca. 2 mm store flygehol når billene kryp ut.

Stripete borebille
Stripete borebille
Stripete borebille
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Borebiller Anobiidae
Slekt: Anobium
Art: Stripete borebille A. punctatum
Vitskapleg namn
Anobium punctatum
Mottehol i treverk

Stripete borebille høyrer til familien borebiller (Anobiidae) som gjer skade på treverk. Av borebillene er stripete borebille den arten som oftast gjer skade. Billene kan gjere alvorleg skade, særleg på eldre hus og møblar. «Mottehol» i treverk og møblar er som oftast laga av desse billene. Andre norske namn på stripete borebille er dødningeur (brukt om fleire artar), veggesmed og tremark.

Hus som blir angripne bør gassast, mindre gjenstandar kan ein fryse. På bygningsdelar som er spesielt utsette for borebiller, kan ein bruke trykkimpregnert virke som billene ikkje kan leve i.

Mott blir også brukt som nemning på sommarfuglar av familien Pyralidae.

Bakgrunnsstoff

endre