Struktur i geologi
Struktur i geologi syner til utsjånaden og fysiske særtrekk ved bergartane, slik dei kan observerast makroskopisk, det vil sei i blotningar. Dette er i motsetnad til tekstur som skildrar utsjånad og fysiske eigenskapar ned til mikroskopisk nivå. Det vertog nytta om særskilde makroskopiske fenomen eller danning i bergart eller berggrunn.
Studiet av geologiske strukturer som har oppstått ved deformasjon kallast strukturgeologi. Om strukturar i større, regional målestokk nyttast omgrepet tektonikk.
Primære strukturer
endrePrimære strukturar kan til dømes vere flytestruktur og putestruktur hos lavabergartar og rytmisk lagdeling og kulestruktur hos djupbergartar. Døme på primære sedimentære strukturar er gradert lagning og diagonalsjikting.
Sekundære strukturer
endreSekundære strukturer omfattar til dømes banding og skifrigheit i metamorfe bergartar, i tillegg til forskjellige former for oppsprekking, forskyving og folding.
Kjelder
endre- Struktur: geologi. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/struktur%2Fgeologi.