Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again
«Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» Song av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. mai 1966 | |
Innspelt | 17. februar 1966 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 7:07 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Johnston |
«Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» er ein song av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966.
Albumutgåva finst òg på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II frå 1971. Ei anna utgåve av songen er på konsertalbumet Hard Rain frå 1976. Ei tidleg studioutgåve med raskare tempo vart gjeven ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack. Som denne tidlege utgåva indikerer, hadde Dylan vanskar med å passe teksten til takten og dette gjorde at songen vart omarrangert til ein meir vanleg 4/4-takt.[1]
Oh, Mama, can this really be the end
Bob Dylan
|
Eit konsertopptak av songen finst på albumet Hard Rain frå 1976 og vart òg gjeven ut på singel med «Rita May» som B-side.
Innspeling
endreAlle dei tjue opptaka av «Stuck Inside of Mobile» vart gjort seint på natta den 17. februar 1966, i Columbia's Music Row Studios i Nashville. Dylan omarbeidde stadig songen i studio, endr teksten og endra songstrukturen på dei forskjellige opptaka. Til slutt, etter tre timar med innspelingar, var det tjuande og endelege opptaket klart.[2] Opptak nummer fem vart sidan gjeven ut på The Bootleg Series Vol. 7.
Heile innspelinga med alle dei tjue opptaka finst på den 18-plater store samlarutgåva av The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 frå 2015, og høgdepunkt frå opptaka finst på 6-platersutgåva og den doble utgåva av albumet.[3]
Andre versjonar
endreGrateful Dead spelte songen på konsertane sine i 1980- og 1990-åra, og framførte songen med Dylan sjølv då dei turnerte i lag i 1987. Cat Power spelte inn songen for filen I'm Not There. Den spanske artisten Kiko Veneno spelte denne songen i ei rumbaversjon. North Mississippi Allstars spelte songen i 2011 på albumet deira Keys to the Kingdom. Elvis Costello framførte ein soloversjon av songen på ein konsert i Mobile, Alabama den 13. mars 2015. Old Crow Medicine Show spelte inn songen i 2017 på hyllestalbumet 50 Years of Blonde on Blonde.
Norske versjonar
endreTo norske tekstar er skrivne til songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og kalla «Sitte fast på Notodden med Briskeby blues» og framført av Kåre Virud i 1977. Denne versjonen vart òg framført av Blueslaget i 1984. Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein nynorsk tekst kalla «Sitje fast i strileland med sentrumsblues i kveld» for albumet Blondt i Blondt i 2016.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Teksten, arkivert frå originalen 13. mai 2008, henta 5. mars 2010
- ↑ Bjorner, Olof (3. juni 2011). Columbia Music Row Studios, Nashville Tennessee, 17. februar 1966. Bjorner's Still on the Road. Henta 2011-09-10.
- ↑ «Bob Dylan - The Cutting Edge 1965-1966: The Bootleg Series Vol. 12». Arkivert frå originalen 7. februar 2016. Henta 29. november 2015.