Styx av Styx
Styx Studioalbum av Styx | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | Paragon Recording Studios i Chicago | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:36 | |
Selskap | Wooden Nickel | |
Produsent | John Ryan, Bill Traut | |
Styx-kronologi | ||
---|---|---|
Styx | Styx II (1973)
| |
Singlar frå Styx | ||
|
Styx er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske rockebandet Styx. Albumet kom ut i 1972.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
Bakgrunn
endreGruppa starta som eit coverband som spelte på bryllaup og bursdagsfestar. Dei kalla seg sjølv «The Tradewinds» i 1961, då bandet bestod av dei 12 år gamle Chuck og John Panozzo, som spelte høvesvis bassgitar og trommer, og naboen, den 14 år gamle Dennis DeYoung på klaverinstrument, trekkspel og vokal. Dei kalla seg seinare «TW4», etter dei fekk med seg college-venen John Curulewski i 1968, og hardrockaren James «J.Y.» Young i 1970, som gitaristar, låtskrivarar og songarar i bandet.
Albumet synte bandet som eit progressivt kunstrock- og 60-tals garasjerockband. Albumet inneheld den 13 minuttar lange «Movement for the Common Man», og J.Y.-songen «Children of the Land». Det inneheld òg ein perkusjonssolo av John Panozzo, gateintervju frå Chicago i «Street Collage», og ei symfonisk rockeutgåve av «Fanfare for the Common Man» og det progressive visestykket «Mother Nature's Matinee» sungen av DeYoung og skrive av Young og DeYoung.
Den livlege poprocksongen «Best Thing» var skriven av DeYoung og Young og kom ut på singel seint i 1972. Denne nådde 82. plassen på den amerikanske singellista.
Resten av songane på albumet bestod av coverversjonar som plateselskapet føreslo at dei skulle spele. Bandmedlemmane sa dei aldri hadde høyrt desse før.
Albumet kom ut på ny i 1980 med tittelen Styx I med nytt plateomslag. Seint i 2012 kom albumet ut att på CD og digital nedlasting, i lag med Styx II (1973), The Serpent Is Rising (1973) og Man of Miracles (1974).
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Movement for the Common Man»
| James Young (a), John Ryan (b), Aaron Copland (c), Dennis DeYoung (d med Young) | a. Young, b. talte ord, c. Young, d. DeYoung | 13:11 |
2. | «Right Away» | Paul Frank | Young | 3:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
3. | «What Has Come Between Us» | Mark Gaddis | DeYoung | 4:53 |
4. | «Best Thing» | Young, DeYoung | DeYoung, Young | 3:13 |
5. | «Quick Is the Beat of My Heart» | Lewis Mark | Young | 3:49 |
6. | «After You Leave Me» | George S. Clinton | Young | 4:00 |
Medverkande
endreStyx
endre- Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument
- James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar
- John Curulewski – vokal, elektrisk og akustisk gitar
- Chuck Panozzo – bassgitar
- John Panozzo – trommer, perkusjon
Produksjon
endre- Produsentar - John Ryan, Bill Traut
- Lydteknikar - Marty Feldman, Barry Mraz
- Miksing - Barry Mraz, John Ryan
Salslister
endreSinglar - Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1972 | «Best Thing» | Pop Singles | 82 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Styx (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, Lindsay. Styx av Styx på Allmusic. Henta 3. juni 2020.
- ↑ Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.»