Styx II
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1973
Innspelt 1972-73
Studio Paragon Recording Studios i Chicago; St. James Cathedral i Chicago
Sjanger
Lengd 34:20
Selskap Wooden Nickel
Produsent John Ryan, Bill Traut (exec.)
Styx-kronologi 
Styx
(1972)
Styx II The Serpent Is Rising
(1973)


Singlar frå Styx II
  1. «Lady»
    Utgjeve: 1973
  2. «You Need Love»
    Utgjeve: May 1975

Styx II er det andre studioalbumet av det amerikanske bandet Styx, gjeve ut i juli 1973.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[2]

Bakgrunn endre

Etter at dei gav ut debutalbumet, som bestod av mange coversongar, ønskte bandet å skrive fleire originale songar. Dennis DeYoung var særskild for dette. DeYoung hadde skrive ein song sjølv på eit elektrisk piano i garasjen til bandet, og han ønskte opphavleg å ha denne med på det første albumet. Han valde seinare å spele denne på eit akustisk piano. Bill Traut ønskte å flytte denne songen til det andre albumet. Resultet vart «Lady», som var skriven om kona til DeYoung, Suzanne.

«Lady» vart ikkje ein hit då han først kom ut i 1973, men etter at bandet gav ut det fjerde albumet sitt, «Man of Miracles» i 1974, fekk dei radiokanalen WLS i Chicago til å spele songen. Han vart etter kvart mykje spelt på radio i Chicago, og i mai 1975 slo songen gjennom nasjonalt og klatra til slutt til sjetteplassen på Billboard-lista.

Utanom «Lady», inneheld albumet nokre livlege progrocksongar, som «You Need Love» og «I'm Gonna Make You Feel It», som vart skriven av DeYoung og sungen av James «JY» Young.

Dette var det første albumet der John Curulewski skreiv og song på to songar: Den progressive og jazz-aktige «A Day», som var ein uvanleg stil for bandet, og ein komisk boogie-song, «You Better Ask», med ei avslutning som inneheld eit klipp av «Strangers in the Night» på eit calliope-orgel og ein vond latter.

Side 2 opnar med ei utgåve av Liten fuge i g-moll av Bach, spelt på kyrkjeorgel i domkyrkja i Chicago, som glir over i den rolege progrocksongen «Father O.S.A.»

Rockesongen «Earl of Roseland» var skriven av DeYoung, basert på barndomsminner frå då han voks opp i Roseland i Chicago, der han hadde skipa bandet med Panozzo-brørne.

Etter at Styx flytta til A&M Records og fekk nasjonal suksess i USA, selde Styx II til gullplate. Albumet vart gjeve ut på ny i 1980 med ny tittel, Lady, og plateomslag. Det er det einaste albumet til Styx som ikkje har songar skrivne av Young (utanom coveralbumet deira Big Bang Theory frå 2005).

Innhald endre

Side ein — «Heads»
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«You Need Love»DeYoungYoung3:44
2.«Lady»DeYoungDeYoung2:56
3.«A Day»CurulewskiCurulewski8:19
4.«You Better Ask»CurulewskiCurulewski3:54
Side to — «Tails»
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
5.«Little Fugue in G»Johann Sebastian Bach(instrumental)1:17
6.«Father O.S.A.»DeYoungDeYoung7:08
7.«Earl of Roseland»DeYoungDeYoung4:39
8.«I'm Gonna Make You Feel It»DeYoungYoung2:23

Medverkande endre

Styx endre

Produksjon endre

Salslister endre

I 1975 gjekk albumet inn på 20. plassen på poplista til Billboard (USA), medan singelen «Lady» nådde sjetteplassen på pop-singellista.

Kjelder endre

  1. Planer, Lindsay. Styx IIAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon & Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.»