Subkategorisering i lingvistikk

Subkategorisering viser i språkvitskap til kategorisering av ord med omsyn til kva for andre ledd ordet kan kombinerast med. Eit transitivt verb som kaste blir t.d. kombinert med eit direkte objekt i form av ein NP (substantivfrase) i ei setning som Han kastar ballen. Denne eigenskapen skil dette verbet frå intransitive verb, som ikkje tek direkte objekt, og kravet om direkte objekt plasserer transitive verb i ein subkategori (ei undergruppe) av verb. Eit transitivt verb har eit direkte objekt i form av ein NP som ein del av subkategoriseringsramma til verbet. Subkategorisering er nærskyldt med syntaktisk valens, men subkategorisering er nært knytt til generative frasestrukturgrammatikkar, medan valens er nærare knytt til dependensgrammatikk. Til skilnad frå valens, som alltid omfattar subjektet, blir ikkje subjektet alltid rekna som ein del av subkategoriseringsramma til eit verb.

Referansar endre

  • Chomsky, Noam. 1965. Aspects of the theory of syntax. Cambridge, Massachusetts: M.I.T. Press.