Intransitive verb

Intransitive verb er verb som ikkje kan ta direkte objekt, i motsetning til transitive verb.

Døme

endre

Intransitive verb er til dømes

  • Eg står.
  • Bonden sov.
  • Bjørnen døydde.
  • Skinnet hang på knaggen.

Ein tommelfingerregel for å skilje transitive verb frå intransitive, er å spørje: Går det an å (verbet) nokon? I døma ovanfor er svaret på slike spørsmål: nei. Det går ikkje an å stå nokon, det går ikkje an å sove nokon, det går ikkje an å døy nokon. Det går heller ikkje an å henge nokon – men det går an å hengje nokon, og dette verbet har svak bøying. Verb som har svak bøying som transitive, og sterk bøying som intransitive, vert kalla parverb.

Parverb

endre

Parverb, verb som kan vere transitive med svak bøying eller intransitive med sterk, er til dømes:

  • å hengje – hengjer – hengde – hengt; å henge – heng – hang - hange
  • å brenne – brenner – brente – brent; å brenne – brenn – brann - brunne
  • å setje – set – sette – sett; å sitje – sit – sat – sete
  • Å søkkje – søkkjer – søkkte – søkkt; å søkke - søkk - sokk - sokke

Transitive og intransitive parverb i nokre setningar:

  • Eg hengde jakka på knaggen, jakka hang på knaggen.
  • Eg brenner søppel, søpla brenn godt.
  • Eg sette meg på stolen, eg sat godt.
  • Eg søkkjer båten, han søkk langsamt.

Adverbiale tillegg

endre

Intransitive verb kan få ein transitiv funksjon ved hjelp av eit adverbialt tillegg:

  • Eg står over husmålinga.
  • Bjørnen døydde frå ungane sine.

I desse døma vert sambandet mellom verb og adverb i muntleg språk markert ved aksenturinga, slik at lyttaren veit at over og frå her er adverb, og ikkje preposisjonar.

To typar intransitivitet

endre

Intransitive verb har eitt argument mindre enn transitive verb, dei kan med ein parallel frå kjemien kallast einverdig og toverdige. I prinsippet er det mogleg å vere einverdig på to måtar, ved å mangle objekt (som i døma ovanfor) eller ved å mangle subjekt. Fleire grammatikarar har drøfta dette, m.a. Perlmutter 1978 og Burzio 1986.

  1. Giovanni ha telefonato. (Giovanni har ringt.)
  2. Giovanni e arrivato. (Giovanni er komen / har kome.)

Skilnaden mellom 1 og 2 ovanfor er, i følgje Burzio, at Giovanni i 2 i djupstrukturen til setninga eigentleg er objekt, og at verbet dermed representerer ein annan type intransitive verb, eit som tar objekt, men ikkje subjekt. Uttrykt i ein teori som ikkje opererer med djupstrukturar kan vi seie at denne typen verb er intransitive verb som tar subjekt som ikkje har den semantiske rolla agens. Burzio, og med han lingvistar innanfor styrings- og bindingsteorien, kalla verb av type 1 uergative verb, og verb av type 2 uakkusative verb.

Ergative språk (som grønlandsk) skil seg frå nominativ-akkusativ-språk nett i det at det eine argumentet til eit einverdig verb har same kasus som objektet til eit toverdig, transitivt verb. Det er mogleg å sjå norske eksistensialsetningar som eit ergativt trekk ved norsk:

  1. I dag står det eit glas på bordet
  2. I dag ser eg eit glas på bordet

Syntaktisk sett oppfører frasen eit glas seg likt i desse to setningane (som objekt), sjølv om det første verbet (stå) er intransitivt og det andre (sjå) er transitivt. Jf. Askedal 1986.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Askedal, John Ole 1986: On Ergativity in Modern Norwegian. Nordic Journal of Linguistics (1986), 9 : 25-45 Cambridge University Press doi:10.1017/S033258650000139
  • Burzio, Luigi 1986: Italian Syntax. Reidel.
  • Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7
  • Perlmutter David M. 1978. Impersonal passives and the Unaccusative Hypothesis. Proceedings of the 4th Annual Meeting, Berkeley Linguistics Society, 157