Sukhumi
Sukhumi (abkhasisk Аҟəа, Aqwa, georgisk სოხუმი, Sokhumi, russisk Сухуми, Sukhumi) er hovudstaden i Abkhasia, ein de facto sjølvstendig republikk, som internasjonalt vert rekna som ein autonom republikk i Georgia. Byen har ei lang historie, og vart hardt råka under den georgisk-abkhasiske konflikten tidleg i 1990-åra.
Sukhumi სოხუმი Аҟəа Сухуми | ||
---|---|---|
I bakgrunnen kan ein sjå regjeringsbygget i Abkhasia som vart øydelagd under konflikten med Georgia i 1993. Bygningen er framleis ein ruin. | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Autonom republikk |
Georgia Abkhasia | |
Geografi | ||
Flatevidd | 27 km² | |
Innbyggjarar - By (2020) - folketettleik |
65 530 2796/km² | |
Koordinatar | 43°00′12″N 41°00′55″E / 43.00333°N 41.01528°E | |
Høgd over havet | 20 m | |
Tidssone | MSD (UTC+4) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://www.sukhumcity.ru/ |
Sukhumi ligg i ei vid bukt på austkysten av Svartehavet og er ein hamneby, eit knutepunkt for jernbane og ein ferieby. Han er kjend for strendene, sanatoria, mineralkjeldene og det subtropiske klimaet. Sukhumi har fleire små til mellomstore hotell, som hovudsakleg tar imot russiske turistar. Byen inneheld òg botaniske hagar oppretta i 1840.
I sovjettida vart det avla apekattar her. Frå 1945 til 1954 var elektronfysikk laboratoriet i byen involvert i Sovjetunionen si utvikling av atomvåpen.