Sukkertare


Saccharina latissima 2.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Chromalveolata
Klasse: Phaeophyceae
Orden: Laminariales
Familie: Laminariaceae
Slekt: Saccharina
Art: S. latissima
Vitskapleg namn
Saccharina latissima
(L.) C.E. Lane, C. Mayes, Druehl, et G. W. Saunders, 2006

Sukkertare, tidlegare kalla Laminaria saccharina, er ein brunalge som veks langs heile kysten i Noreg.

UtsjånadEndra

 
Sukkertare på ei strand.

Stor brunalge som er festa til havbotnen med eit forgreina hefteorgan som sit nedst på ein 5-20 cm lang rund og glatt stilk. Øvst på stilken sit ei opp til 3 m lang bladplate som kan verte 30 cm brei og sterkt buklete, eller iblant breiare men glatt. Kvar vår veks eit nytt blad fram nedanfrå, men restar av det gamle bladet kan site att til langt utover sommaren. Når sukkertaren turkar vert det skilt ut eit kvitt søttsmakande belegg av stoffet mannitol på overflata.

UtbreiingEndra

Arten finst langs det nordaustlege Atlanterhavet og Barentshavet sør til Galicia i Spania. Han er ikkje funnen i Biscaya, men er vanleg rundt dei britiske øyane.

Førekomst i NoregEndra

Planta likar seg best ved skjerma strand og i rolege bukter, og finst langs heile kysten frå fjøresonen og ned til om lag 30 m djupn. Sukkertaren sluttar å vekse når sjøtemperaturen kjem over 19 °C.

KjelderEndra